Når læraren ikkje kan skrive

Debatt: – Altfor mange lærarar i norske klasserom er ikkje i stand til å drive opplæring i og på nynorsk. Dét er ein skandale.

Publisert

Dette går utover kvaliteten på lese- og skriveopplæringa, og det er sjølvsagt verst for allereie sårbare nynorskelevar. Styresmaktene er klare over det, og eg ventar at dei to statsrådane i kunnskapsdepartementet tek grep. Det bør vere umogleg å sitje stille og sjå på at vi utdannar lærarar som ikkje har kompetansen som krevst.

Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa har skrive ein rapport på oppdrag frå Språkrådet, som blei publisert før jul. Rapporten viser at nynorsken står svakt i lærarutdanningane, og at mange lærarstudentar kan fullføre studia utan å bli vurderte i nynorsk (!). Norske kommunar som tilset lærarar, veit ikkje om kandidaten er skikka til å stå i klasserommet. Slik kan vi ikkje ha det lenger.

Rapporten viser det Noregs Mållag har vore opptekne av og uroa for i mange år: At lærarutdanningane ikkje sikrar nynorskkompetansen til framtidige lærarar. Han slår fast at studentar som ikkje har norsk i fagkrinsen sin, svært sjeldan får vurdert nynorskkompetansen, og at dersom institusjonen i det heile tatt testar nynorskkompetanse, så skjer det i hovudsak ved heimeeksamen. Dette er alvorleg.

Alle lærarar som underviser i norsk skule, må kunne drive opplæring i og på nynorsk. Så enkelt er det. Anten ein har norsk i fagkrinsen sin eller ikkje, er alle lærarar norsklærarar. Lesing og skriving er grunnleggjande dugleikar i alle fag. 

Det må språkkrav inn i rammeplanane

Folk flyttar meir på seg enn før. Det er ingen automatikk i at ein blir busett og tar arbeid der ein utdannar seg. Du kan ta lærarutdanning i Oslo, men bli ståande i klasserommet i Kvam. Dessutan skal alle elevar møte nynorsk anten som hovud- eller sidemål. Styresmaktene må på banen. Norsk må bli obligatorisk fag for dei som utdannar seg til å undervise 5.–10. trinn, og det må klare språkkrav inn i rammeplanane. 

Ein bør ikkje få fritak i lærarutdanninga sjølv om ein hadde fritak frå vurdering i sidemål på vidaregåande. Dessutan bør det vere klare krav til kva skriftleg dugleik ein student skal gå ut av utdanninga med, og denne kompetansen må synleggjerast på vitnemålet. Berre slik kan ein rektor vite at ho tilset ein lærar som er skikka til å vere lærar.

Utdanningsinstitusjonane kan skape endring

Ting tar tid, og eg trur fleire utdanningsinstitusjonar kan få til ei praksisendring sjølve, om det er vilje. Dei kan få på plass reglar for kor mykje vekt ein skal leggje på språk i tekstane som blir vurderte. Dei kan vektleggje nynorskdidaktikk. Obligatoriske arbeidskrav eller eksamenar kan vere på nynorsk. Dessutan kan dei synleggjere nynorsk ved institusjonen, slik at studentar naturleg møter språket i studiekvardagen.

Institusjonane kan skape endring nedanfrå. Eit første steg er å lese rapporten frå Nynorsksenteret og ta til seg tiltaka som blir føreslegne. Og dei kan ta eit større ansvar som språkpolitiske aktørar og krevje endring frå nasjonale styresmakter. Uansett kvar i landet dei held seg, må dei sikre at alle elevar får trygge og kompetente lærarar som meistrar nynorsk. Berre slik kan elevane bli sette i stand til å meistre heile den norske språkskatten.

* Dette innlegget vart først publisert som leiar i Norsk Tidend, medlemsbladet for Noregs Mållag. 

Powered by Labrador CMS