Dysleksi og nynorsk

Utdanningsnytt (11.05.) melder om at ein skal "fjerne diskrimering" av dyslektikarar.

No skal nemleg dyslektikarar få sleppe "sidemålsundervisning" i lærarutdanninga. Det er Likestillingsombodet som har ført denne saka, men  Kunnskapsdepartementet skal visstnok ha gitt tilbakemelding om at ein vil endre forskrifta til fordel for dyslektikarane.  

Eitt moment her er den tendensiøse språkbruken. For det fyrste talar ein om "sidemål", jamvel om det i lærarutdanninga eksisterer nynorsk og bokmål, ikkje sidemål. For det andre er det tale om fritak for "sidemålsundervisning". Det vil i så fall vere radikalt, for i vidaregåande skule har ein fritak for vurdering i sidemål, men ein har ikkje fritak frå opplæring i sidemål.

Det er vidare uklårt kor omfattande fritaket for nynorsk skal vere. Dersom det gjeld det obligatoriske norskfaget på 30 studiepoeng for dei som tek grunnskulelærarutdanninga 1-7, går eg ut ifrå at det vert laga til ei ordning der dei uteksaminerte lærarane i alle høve ikkje får rett til å praktisere som lærarar på skular med elevar som har nynorsk som hovudmål. Det vil samtidig vere utfordrande for dei aktuelle lærarane å arbeide med målsetnader i læreplanen knytt til nynorsklesing etter 4. og 7. årstrinnet. Det er òg rart, synest eg, at i ei tid då alle lærarar skal vere språklærarar, legg ein opp til å faktisk svekkje krava til språkleg kompetanse hos lærarar.

Dersom fritaket for nynorsk i tillegg skal gjelde dei som tek 60 stp. norsk for grunnskulelærarutdanninga 5-10, er det tale om noko verkeleg radikalt. I så fall vil ein bryte med heilt overordna målsetnader for kunnskap og kompetanse i skulen, og ein vil bryte med overordna intensjonar om jamstelling mellom bokmål og nynorsk.

Eg går ut ifrå at ei eventuelle forskriftsendring må på høyring, og at ein vil få høve til å kome med innspel i den høyringsrunden.