Drøftar samanslåing

Olav H. Hauge-stiftinga i Ulvik og Nynorsk kultursentrum i Ørsta drøftar samanslåing.

Like før påske vedtok styra i begge stiftingane ein omfattande intensjonsavtale. Målet er å semjast om ein konsolideringsavtale i juni. I så fall blir det planlagde Hauge-senteret ein del av Nynorsk kultursentrum frå 1.1.2011.

– Dette er det beste for oss, seier styreleiar Torunn Hovland Ljone i Hauge-stiftinga. – Kjekt at Hauge-stiftinga har tiltru til oss, svarar styreleiar Reidar Sandal i Nynorsk kultursentrum.

Både Ulvik herad, Hordaland fylkeskommune og Kulturdepartementet er haldne orienterte om planane, og partane har bedt om møte med politisk leiing i departementet.

Fagleg fellesskap, stor avstand

Olav H. Hauge-stiftinga arbeider for å etablere eit Olav H. Hauge-senter i Ulvik og gjere dette til eit internasjonalt senter for poesi. Nynorsk kultursentrum eig og driv Ivar Aasen-tunet og Dei nynorske festspela i Ørsta. No arbeider dei to stiftingane for å gjere Hauge-senteret til ei avdeling på linje med Ivar Aasen-tunet i Nynorsk kultursentrum og gjere styret i Hauge-stiftinga til prosjektstyre for Hauge-senteret fram til det kjem i drift.

– Geografisk er avstanden stor, men den faglege fellesskapen er større, seier Sandal. Han ser på dette som ei ny form for konsolidering der museum søkjer saman i det faglege og ikkje gjer geografisk nærleik overordna alt anna. – Ivar Aasen-tunet fyller ti år i juni, og tida er inne for å gjere noko meir. Ansvaret blir samla i Ørsta, men den lokale eigarskapen til Hauge-senteret tuklar vi ikkje med.

– Ivar Aasen-tunet er eit veldrive dokumentasjons- og opplevingssenter for nynorsk skriftkultur der svært mykje er på plass som vi elles måtte ha gjort frå grunnen av, seier Ljone. Ho ventar mykje draghjelp frå Ørsta for å gjere det nye Hauge-senteret like vellykka som Aasen-tunet, og ser for seg at miljøet kring Hauge-stiftinga kan førast vidare som eit fagråd for Hauge-senteret.

Høge ambisjonar

Det var Hauge-stiftinga som tok kontakt med Nynorsk kultursentrum, og i januar vedtok styret i stiftinga samrøystes å gå i drøftingar om konsolidering.

– Vi må slå oss saman med eit eksisterande museum for å kunne etablere Hauge-senteret, seier Torunn Hovland Ljone i Hauge-stiftinga. Etter samtalar med fleire museum kom vi til at Nynorsk kultursentrum vil vere det beste for oss. Dei arbeider med språk og litteratur på eit høgt nivå, og er ein nasjonal institusjon som også orienterer seg internasjonalt, seier Ljone. – Det er nett slike høge ambisjonar vi også har.

– Det er viktig for oss at ideen alt er godt motteken lokalt, seier Reidar Sandal i Nynorsk kultursentrum. – Begge institusjonane gjer krav på at der er meir enn eitt kulturelt sentrum i Noreg, og har ei felles interesse av å styrkje Vestlandets rolle i norsk kulturliv. Hauge-stiftinga har gjort godt arbeid, og mykje er alt på plass gjennom intensjonsavtalen. No blir drøftingane med lokale og sentrale styresmakter viktige. Vi eksperimenterer ikkje med dei økonomiske rammevilkåra våre, seier Sandal.

Forprosjektrapport om Hauge-senteret

Om kort tid legg Hauge-stiftinga fram ein forprosjektrapport om planane for Hauge-senteret. Rapporten er utarbeidd av prosjektleiar Guro Ljone og blir send på høyring til mange miljø og institusjonar. Etter planen drøftar rådet i Nynorsk kultursentrum forprosjektrapporten seinare i april.

 

FAKTA:

  • Nynorsk kultursentrum blei skipa i 1993 og har 21 stiftarar, mellom dei Hordaland fylkeskommune. Stiftinga eig og driv Ivar Aasen-tunet, Dei nynorske festspela og nettstadene aasentunet.no og tunkatten.no. Nynorsk kultursentrum har 11 fast tilsette og omsette for 13,7 mill. kr i 2009.
  • Olav H. Hauge-stiftinga blei skipa i 2000 av Ulvik herad og Hordaland fylkeskommune. Til sommaren gjer Ulvik herad ferdig det gamle heradshuset i Ulvik sentrum. Dette skal mellom anna hyse det planlagde Hauge-senteret. Stiftinga eig og driv nettstaden haugesenteret.no, og har ein prosjektmedarbeidar i engasjement ut 2010.