Reduksjon i årsramma for norskfaget på ungdomsskulen og vidaregåande skule – no!

Norskfaget på ungdomstrinnet og i vidaregåande skule har vorte svært krevjande, og årsramma er i dag for høg.

Arbeidsbyrden til norsklæraren skremmer i dag lærarar bort frå å undervise i faget sitt, og Utdanningsforbundet Voss krev at tiltak må gjerast no.

 

Faget har mange og omfattande kompetansemål, som norsklæraren må bruka mykje tid på å bryta ned.  Store klassar på ungdomstrinnet og i vidaregåande skule gjev svært mykje før - og etterarbeid, som saman med stor rettebyrde krev mykje tid.  Omfattande vurderingsarbeid og tilbakemeldingar gjev faglærar svært store utfordringar i kvardagen.  Undervisninga skal tilpassast elevar med gode fagkunnskapar, elevar med ulike fagvanskar samt framandspråklege elevar som kan lite eller ikkje noko norsk. 

 

Gje norsklærarane på ungdomstrinnet og i vidaregåande skule vilkåra dei treng til å formidla eit av skulen sine viktigaste fag. 

Utdanningsforbundet Voss krev reduksjon i årsramma for norskfaget no!

Powered by Labrador CMS