11 vidaregåande skolar i Noreg underviser eller planlegg å starte opp undervisning i e-sport. Foto: Jørgen Jelstad
11 vidaregåande skolar i Noreg underviser eller planlegg å starte opp undervisning i e-sport. Foto: Jørgen Jelstad

Dataspel er blitt skolefag

11 vidaregåande skolar i Noreg underviser eller planlegg å starte opp undervisning i e-sport.

Publisert

E-sport er å konkurrere i å spele dataspel.

Alt i gang er dei vidaregåande skolane Gausdal, Tiller, Vågsbygd, Holmestrand, Arna og Kuben i Oslo og dei private skolane Akademiet Oslo, Ålesund og Molde. Elvebakken og Persbråten skolar i Oslo planlegg å starte opp til hausten.

 

Skolane legg e-sportsfaget anten under medium og kommunikasjon, eller under idrettsdag.

Persbråten vidaregåande skole i Oslo profilerer seg som ein idrettsskole, og har lagt faget inn under idrett. Dei har henta inn Erling Elias Nordvik Krohn for å byggje opp faget. Krohn har arbeidd med e-sport i Korea og USA. Han kallar seg ikkje lærar, men manager.

– Faget skal ha fem timar i veka. Elevane endar opp med vitnemål frå studiespesialisering idrettsfag, fortel Krohn.

 

Målet er å skape toppidrettsutøvarar

I tillegg til å leie treninga i å spele dataspel skal han undervise i kosthald og fysisk trening som støttar opp om dataspelinga.

–  Er e-sport idrett på same måte som sjakk er det?

–  Det kan du godt seie. Som sjakkspelarane sit vi stille medan vi driv idretten vår. Men Magnus Carlsen trenar fotball for å vere god i sjakk. Førebuing er viktig

– Kva er målet med undervisninga?

–  Persbråten er ein toppidrettsskole. Målet er at også esportelevane skal bli toppidrettsutøvarar. Men sporten treng også støtteapparat og organisatorar, så vi vil gjerne vere med og få fram slike også, seier Krohn.

 

Spente på responsen

Klassen dei vil starte, er på 12 elevar.

–  Vi veit ikkje søkjartala ennå, og er svært spente. Men e-sport er den raskast veksande idretten i verda, så vi trur absolutt interessa er der.

–  Trur du det blir ein rein guteklasse?

–  E-sport er mannsdominert, men vi vurderer sjølvsagt søknader frå gutar og jenter likt, seier Erling Elias Nordvik Krohn.