– Foreldre er urolege for høgt sjukefråver i barnehagane

Samanslåtte avdelingar og kortare opningstid set foreldre i vanskeleg skvis.

Publisert Sist oppdatert

– Eg blir fortvilt når telefonen pip under eit møte på jobb og meldinga er at dei som kan hente i barnehagen klokka to må gjere det, seier Silje Lødøen Fiksdal.

Både Foreldreutvalet for barnehagar og Utdanningsdirektoratet får meldingar om barnehagar som stenger avdelingar og kortar inn på opningstida på grunn av stort sjukefråver hos tilsette.

Silje Lødøen Fiksdal veit at om ikkje nok foreldre svarer på meldinga med at dei kan kome tidleg, blir heile avdelinga stengt. Ho veit og at når barnehagen sender denne meldinga, er det fordi bemanninga allereie er så pressa at barna ikkje har det slik vi vil dei skal ha det i barnehagen. Sjukefråveret blant tilsette har vore høgt gjennom heile korona-pandemien, og særleg under den tredje bøljen på slutten av fjoråret.

LES: Må prioritere hvilke barn som får komme i barnehagen

– Får eg ei slik melding når eg veit at eg ikkje kan gå frå møtet, er det fortvilande. Men dei gongene kan eg følgje oppfordringa, veit eg at det betyr kveldsjobbing, og det har eg slett ikkje alltid tid til, seier ho.

Silje Lødøen Fiksdal.

I vekene før jul kom meldinga om å hente tidleg det Fiksdal kallar «ofte». Kor ofte har ho ikkje rekna på, men i november og desember kom dei tett.

Etter jul har meldinga kome to gonger, klart mindre enn før jul, men ofte nok til å skape problem.

Å oppfordre til tidleg henting er det siste tiltaket barnehagen tyr til.

Slitne og stressa

– For å halde ope den tida dei skal, slår dei saman avdelingar, byttar om på barn og tilsette og set in dei vikarane dei kan få. Så dei gjer sikkert det dei kan. Men det er vondt å levere ein toåring på ei stor, samanslått avdeling med mange ukjente barn og tilsette, seier Silje Lødøen FIksdal, som har to barn i barnehagen.

– Etter slike dagar er dei slitne og stressa, konstaterer ho.

Silje Lødøen Fiksdal sit si styret for Foreldreutvalet for barnehagar. Mange foreldre har i den siste tida kontakta FUB og fortalt om sine problem med barnehagar som kortar ned opningstida og slår saman avdelingar.

LES: «Det som er best for foreldre og for arbeidslivet, er ikke nødvendigvis best for barna»

Låg grunnbemanning

– FUB meiner den viktigaste årsaken til alle desse problema er for låg grunnbemanning i barnehagane generelt, seier Silje Lødøen Fiksdal.

– Minstenormen for bemanning er blitt standardbemanning. Pandemien har tydeleg vist at dette ikkje er godt nok. FUB har tatt bemanningsproblemet opp med kunnskapsdepartementet fleire gonger under pandemien utan å få eit klart svar, konstaterer Fiksdal.

– Barnehagar må ha bemanning til å kunne drive godt i eit tidspenn som gjer det muleg for foreldre å ha normal arbeidstid. Foreldre skal ikkje bli sett i skvis og få dårleg samvit på grunn av for lite bemanning i barnehagen, slår ho fast.

Full pris

Heilt til slutt innrømmer Silje Lødøen Fiksdal at det provoserer å måtte betale full pris for eit redusert tilbod.

– Men slik er reglane. Barnehagen kan krevje full pris sjølv om dei ikkje har fullt tilbod, avsluttar Silje Lødøen Fiksdal.

Akutt problem

Barnehagen der Silje Lødøen Fiksdal har barna sine er ein av dei førti barnehagane som er eigd av Norsk Luthers Misjonssamband.

– FUB brukar denne barnehagen som eit døme på eit generelt problem i barnehagane, ikkje som eit spesifikt problem for NLM-barnehagane. Kan de likevel si noe om kvifor slike situasjonar oppstår i deira barnehagar?

– Dei er ei løysing på eit akutt problem, seier Margrethe Thomassen, nestleiar i NLM-barnehagane.

– For å kutte opningstid eller stenge ei avdelig må samarbeidutvalet i barnehagen, kommune og eigar vere kontakta. I den rekkjefølga. Utsette barn og små barn skal i slike situasjonar få særleg skjerming seier ho.

Naudsynt

– Det er viktig at det er forståing hos alle partane om at tiltaket er naudsynt. Men når det skjer ofte er det naturleg at det etter kvart blir vanskeleg å få den forståinga. Og foreldra som blir oppfordra til å hente klokka to, eller levere barn på samanslåtte avdelingar med mange ukjente, dei bli sett i ei svært vanskeleg knipe, konstaterer Thomassen.

– Risikoen for at tiltak som samanslåtte avdelingar og tidleg henting gir forvirra og slitne ungar er vel stor sjøl om foreldra forstår at tiltaka er naudsynte?

– Ja, naturlegvis.

– I kor stor grad har dette vore eit problem i NLM-barnehagane?

– Under den tredje koronabøljen, før sist jul, var det nok eit problem dei fleste stader. Da var det ikkje berre korona, men også mye sjukdom generelt som ga stort fråver blant tilsette. Under pandemien elles var det store skilnadar. Der det var lite korona gjekk arbeidet som normalt.

– FUB meiner situasjonen nå er blitt så alvorleg fordi bemanninga i barnehagane generelt er for låg. Kva meiner de om det?

– Eg er heilt einig i at bemanninga generelt er for låg. Åpningstida er så lang at den tida det er full bemanning kvar dag blir svært kort. I den korte tida skal det skje så mye, inkludert møte og organisering. Dette fører til alt for lite tid med full bemanning på avdelingane, seier Margrethe Thomassen.

Høg terskel

Terskelen skal vere høg for å avgrense barnehagetilbodet på grunn av sjukefråver blant dei tilsette, ifølgje avdelingsdirektør Hilde Austad i Utdanningsdirektoratet.

– Vi er klar over at mange barnehagar nå har utfordringar med bemanninga, seier ho til Utdanningsnytt.

Ho kallar dette ei generell driftsutfordring, snarare enn ei smittevernutfordring. Barnehagelova gir ikkje høve til å stenge eller avgrense tilbodet til barn i slike situasjonar.

Om foreldre skal betale full pris når barnehagen ikkje er tilgjengeleg full tid er avhengig av avtalen mellom barnehagen og foreldra. Dette er ikkje regulert i barnehagelova, opplyser Austad.

– VI kjenner til fleire tilfelle der foreldrebetaling blir refundert om barnehagen ikkje kan gi det tilbodet som er avtalt, seier Austad.

Private barnehagar vil få sine offentlege tilskot sjølv om dei må stengje eller redusere barnetalet på grunn av smitteverntiltak. Eventuelle økonomiske konsekvensar for dei kommunale barnehagane vil vere opp til kommunen, ifølgje Hilde Austad.

Powered by Labrador CMS