Basebarnehage vs. avdelingsbarnehage

Eg jobber på småbarnsavdeling i ein basebarnehage. Vi har heldigvis dører mellom romma, slik at vi kan stenge av og begrense muligheita for dei minste å vandre frå rom til rom.

Av erfaring har vi funne ut at dei minste barna treng rammast inn, og forholde seg til mindre areal. Uro og konflikter er mykje mindre etter vi stengde av romma, og gjekk over til ein meir avdelingsretta barnehage. Dei vaksne føler dei får meir kontakt med barna, noko vi ser igjen i forhold til gode relasjoner mellom barna og mellom barn og vaksen.

Mi erfaring er difor at basebarnehage for dei minste ikkje er ideelt.
Både dei små og dei vaksne trivast mykje betre med avdelingar, og vi ser at utviklinga til barna er ei heilt anna enn når vi oppererte som base.

Av og til er det størrelsen det kjem an på!

Det er mange faktorar som er mykje viktigare enn byggets arkitektur når ein stiller spørsmål om kva som er ein god barnehage.