Innhaldet i barnehagen til debatt
Forventningar til kva barna bør lære i barnehagen gjekk igjen i innlegga under konferansen om barnehage i Bergen denne veka.
Utdanningsforbundet og Fagforbundet var vertskap for konferansen, og kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell (SV) hadde reist til Bergen for å fortelje dei 450 konferansedeltakarane at ei styrking av arbeidet med språk er naudsynt i ein barnehage som skal spegle samfunnet vi har i dag.
Han trekte fram at arbeidet med språk måtte bli heva kvalitetsmessig, og at barnehagen måtte følgje språkutviklinga grundig opp for å finne ut kor kvar unge står. Byråd Torger Ødegård (H) i Oslo reiste krav om meir strukturert opplæring i barnehagen
- Barnehagen må trene barna i grunnleggjande dugleik, sa Ødegard. Han meinte det var blitt mindre politisk skilnad dei siste åra i synet på kva innhaldet i barnehagen burde vere.
Like fullt streka Tomas Moltu, (KrF) byråd for barnehage og skole i Bergen, sterkt under at barnehagen aldri måtte bli skole, og at skolen aldri måtte bli barnehage.
Leiar i Fagforbundet, Jan Davidsen, trekte kosthald og helse fram som viktige element i barnehagen sitt innhald og læringsoppdrag.
Også leiar i Utdanningsforbundet, Helga Hjetland, understreka at med overføringa til Kunnskapsdepartementet var barnehagen sitt oppdrag endra, og at ho var takksam for det. Samstundes såg ho ein stor fare i at både skole og barnehage kunne bli fanga i eit testregime som ikkje tok vare på kvalitetane korkje i barnehagen eller skolen.
- Utdanning er meir enn eit middel for å vinne marknadsdelar. Små barn lever ikkje i framtida. Dei har eit liv å leve her og nå. Barnehagen skal vere ein god plass å lære å vere seg sjølv saman med andre, sa Helga Hjetland.
Ho meinte dei tilsette hadde ei viktig oppgåve i å stå i mot testregimet. Som mottrekk nemnde Hjetland spesielt kulturbarnehagen.