Grannen felte tre i barnehagen
Måndag morgon var Eivindvik barnehage i Gulen i Sogn og Fjordane utan klatretrea sine. Utan varsel til barnehagen, men med løyve frå kommunen, hadde grannen hogd ned 26 små og store tre innafor barnehagegjerdet.
- Kvar einaste dag leikte ungane i trea. Dei klatra der, og dei hadde hytte inne i villnisset, fortel ho.
Trea tok dessutan godt av for nordavinden. Fleire av trea var lind, som ikkje er vanleg i Sogn.
Foreldra i barnehagen har kravd å få utlevert veden for å selje han. Dei er så sinte at dei ikkje orkar tanken på at hoggaren skal sitje med den fordelen også. I brev til kommunen har dei og kravd erstatning for trea.
- Kommunen har lova oss klatreapparat og å plante nye tre. Meir kan vi ikkje gjere. Men vi forstår ikkje korleis noen kan få løyve til å hogge tre inne i barnehagen utan at vi får seie eit einaste ord, seier Agnete Vold.