Gir ikkje assistent til barn som treng ekstra støtte

Sakkunnige i Sykkylven kommune i Møre og Romsdal har tilrådd til saman 98 timar med assistent til barnehagebarn som treng oppfølging av spesialpedagog. Men ingen av barna har assistent. Foreldre har klaga til Fylkesmannen.

 

12 av dei 430 barnehagebarna i Sykkylven har vedtak om at dei treng spesialpedagogisk oppfølging. Reidun K. Eidem ved pedagogisk-psykologisk teneste i Sykkylven fortel til Utdanning at fleire av dei har så krevjande diagnosar at dei er melde til barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk, habilitering for barn og unge, Audiopedagogisk avdeling eller Statped for vidare utgreiing og oppfølging. Blant diagnosane er autisme, Downs syndrom eller alvorleg hørselshemming

- Det er krevjande diagnosar, understrekar Reidun Eidem.

Likevel må barna klare seg utan eigen assistent i barnehagen heile uka. Denne typen assistent heiter «assistent for spesial-pedagog». Assistenten skal støtte ungane i barnehagen den tida spesialpedagogen ikkje er der.

Ungane får heller ikkje spesialpedagogisk oppfølging i det omfanget dei sakkunnige har tilrådd. Frå barnehagerådgivar i Sykkylven Øyvind Fet får Utdanning opplyst at PPTt har meldt at ein i alt treng 66 timar spesialpedagog i veka. Kommunen har 2,2 stillingsheimlar for spesialpedagog for barnehagebarn tilgjengeleg. Med fråtrekk for for- og etterarbeid tyder det at spesialpedagogane er i barnehagane 62 timer i uka.

Fram til i vår hadde barnehagane fire stillingsheimlar for ekstra assistentar for barnegrupper som hadde barn som trong ekstra hjelp. Desse skulle ikkje vere knytt spesielt til det einskilde barnet, men til heile gruppa. Dette vart kutta til 1,5 stillingar ved budsjettjusteringar i vår.

Tre av foreldra har klaga fråværet av assistent inn for Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Dei ventar på svar.

Årsaka til problemet er at det ikkje finst pengar. Paradokset for dei tilsette i administrasjonen i Sykkylven kommune er at dei ikkje kan grunngi avslaget om assistent med at kommunen ikkje har råd. Det vil Fylkesmannen avvise som feil sakshandsaming. Økonomi er ikkje tema i desse vurderingane. Å overprøve dei sakkunnige, og seie at barna ikkje treng så mye assistanse, er dei naturleg nok ikkje kvalifisere til.

Ordførar i Sykkylven, Petter Lyshol, seier til Utdanning at han vil ta problematikken med dei manglande assistenttimane med i dialogarbeidet om det kommande kommunebudsjettet.

Sykkylven er det som blir kalla ein Robek-kommune. Robek er eit register over kommunar og fylkeskommunar som må ha godkjenning frå Kommunaldepartementet for å kunne ta opp lån. Det er kommunar i økonomisk ubalanse som hamnar i registret.

Fylkesmannen skal sjå til at kommunar på Robek-lista ikkje brukar for mye pengar. Samstundes er Fylkesmannen klageinstans for dei som meiner at kommunane brukar for lite pengar, som når Sykkylven ikkje har assistent for spesialpedagog.

Assisterande fylkesmann Rigmor Brøste i Møre og Romsdal seier til Utdanning at ho forstår at det kan stå fram som eit paradoks. Ho understrekar at ho ikkje kan kommentere denne saka spesielt, sidan klagesvar ikkje er kome.

-Men Sykkylven kommune har laga ein forpliktande krav for pengebruken. Korleis kommunen har prioritert i den planen legg vi oss ikkje borti, seier ho.

-Når det gjeld tilråding frå PPT, så er det råd, ikkje krav. Kommunen kan finne andre løysingar enn dei ppt tilrår. Men barna må få det dei treng. Ei løysing må kommunen finne, seier Rigmor Brøste.