Fleire utanlandske førskolelærarar

Sidan 2009 har talet på utanlandske førskolelærarar som søkjer godkjenning for arbeid i Norge auka frå 37 til 107.

Av dei 107 søkjarane i fjor fekk 45 godkjenning.

Ei ny godkjenningsordning for lærarar, barnehagestyrarar og pedagogiske leiarar med utdanning frå utlandet trødde i kraft 3. oktober 2008. Frå Utdanningsdirektoratet får Utdanning opplyst at dei trur mye auken kan kome av dette. Sidan 2010 har Utdanningsdirektoratet aktivt informert om denne ordninga, ifølgje kommunikasjonsrådgivar Svein Erik Moløkken.

De fleste godkjende søknadene kjem frå personar med utdanning frå Danmark, 16 i alt. Så følgjer Tyskland med 15, Sverige med 12, Island og Polen med 11, Russland med 8 og Litauen med 6. Frå Australia, Filippinene, Finland, Romania og Ukraina vart to søknader godkjent. Frå 17 land vart ein søknad godkjent. Dei kom frå Bosnia-Hercegovina, Brasil, Chile, Egypt, Estland, Hellas, Iran, Irak, Kroatia, Nederland, Peru, Slovakia, Storbritannia, Ungarn, USA og Venezuela.

I 2010 handsama direktoratet 56 søknader om godkjenning av utdanning for å arbeide som styrar eller pedagogisk leiar. 34 vart godkjende, 14 avslått og 6 trekt.

Direktoratet har ikkje oversikt over kvar dei utanlandske førskolelærarane busetjar seg. Men inntrykket er at dei får søknader frå alle landsdelar. Somme av søkjarane søkjer frå heimlandet. Utdanningsdirektoratet har ingen oversikt over kva for type barnehage eller kven som er eigarar av barnehagane dei godkjende søkjarane arbeider i.