SV-leiar Audun Lysbakken. Arkivfoto: Jørgen Jelstad

Lysbakken held fram med rammeplan-kritikken

SV-leiar Audun Lysbakken vil foreslå at fagfolk får større påverknad på det vidare arbeidet med rammeplanen når barnehagemeldinga vert handsama i Stortinget i morgon.

Publisert

 

I morgon skal Stortinget diskutere stortingsmeldinga «Tid til lek og læring», om barnehagane. Det er klart at regjeringa ikkje vil få fleirtal for sentrale punkt i meldinga, som ein språknorm for kva barna skal kunne når dei sluttar i barnehagen.

Men i tillegg til å stø endringsforslaga til meldinga, vil Lysbakken i debatten fremje eit eige punkt om arbeidet med ny rammeplan. Der vil han krevje at barnehageprofesjonen får ein sterk posisjon i dette arbeidet.

I ei fråsegn viser Lysbakken til at kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) forkasta framlegget til ny rammeplan frå eit utval som var sett ned for å lage dette. I staden vil han nå setje sitt eige embetsverk i gong med å lage ny rammeplan.

I fråsegna seier Lysbakken at vi treng ein rammeplan som både respekterer og utfordrar kunnskapen i sektoren. Ein ny rammeplan som ikkje har legitimitet i barnehagesektoren, vil ikkje skape betre barnehagar, truleg heller berre støy.