Lærarar meiner prioriteringa av vaksine kjem lovleg seint

– For lite, for seint, seier Signe Norbotten om at regjeringa gir kommunane løyve til å prioritere lærarar i køen til koronavaksine.

Publisert Sist oppdatert

Ho er leiar i Utdanningsforbundet Haugesund, og fortel at kommuneadministrasjonen i byen bruker formiddagen på å finne ut korleis vaksinasjonsplanane kan endrast for å gjere ei prioritering av lærarar praktisk muleg.

Regjeringa ga i går kommunane høve til å prioritere lærarar i vaksinekøen

– Eg forstår at det kan vere krevjande. Men det håplause er at dette kjem alt for seint, og at omfanget er for smått. Vi ropte varsko før jul. Denne prioriteringa burde kome da, skulle det fått god effekt, seier Signe Norbotten.

Les: Vaksinering av lærerstanden. Lite og sent.

– Frå andre sida av langfjella seier leiar i Utdanningsforbundet Gjøvik Aud Heiberg det same:

– Dette kjem lovleg seint, slår ho fast.

– Lærarar har ikkje opplevd det trygt å gå på jobb. Vi har ein viktig jobb, men ut frå prioriteringane av koronavaksine har det ikkje sett slik ut. Planane seier at i midten av august skal dei fleste vere vaksinerte. Da gir det ikkje mye effekt av å prioritere lærarar til vaksine i sommarferien. Prioriteringa kjem alt for seint, seier Aud Heiberg.

Powered by Labrador CMS