Krev betre rettar for foreldre som må vere heime med sjuke barn

Danske Louise Staal har samla i 28 000 underskrifter på eit opprop som krev betre rettar for foreldre som må vere heime med sjuke barn.

Publisert

Klarer ho å samle inn 50 000 underskrifter til det så kalla borgarforslaget må Folketinget diskutere saka.

Det er Danmarks Radio som melder dette på sine nettsider.

Louise Staal meiner foreldre må ha rett til å få løn for å vere heime med sjuke barn så lenge barna er sjuke. I dag er det tariffavtala foreldra har på sin arbeidsplass som bestemmer kor lenge foreldre får løn for å vere heime. Det vanlegaste er at foreldre har rett til ein dag fri med løn kva gong barnet blir sjukt, men det er tariffavtalar som gjer to dagar fri. Er ikkje dette regulert i ei tariffavtale kan arbedsgivar trekkje foreldra i løn frå første sjukedag.

Partane

Visedirektør i Dansk Arbeidsgiverforening Pernille Knudsen vil ikkje ha noe av at Folketinget diskuterer saka. Dette er eit spørsmål som partane i arbeidslivet skal avgjere, seier ho til Danmarks Radio.

Arbeidsminister Peter Hummelgaard vil ikkje kommentere kravet, ut over å peike på at det er innført eigne reglar for dei som må vere heime på grunn av korona.

Powered by Labrador CMS