Barnehagefeltet har hatt stor professorauke

Talet på barnehageforskarar med professorkompetanse vart meir enn dobla på fire år.

Dette kjem fram i ein rapport for NIFU, Nordisk institutt for studier av innovasjon, forsking og utdanning. Talet på barnehageforskarar med professorkompetanse auka frå 19 til 43 frå 2009 til 2013.
Likevel er professordelen innanfor barnehageforskinga lågare enn for utdanningsforskinga totalt
I alt auka talet på utdanningsforskarar på barnehageområdet frå 292 til 482 i desse åra. I 2013 hadde 44 miljø utdanningsforskarar på barnehageområdet. Dei fleste av desse var pedagogiske miljø eller lærarutdanningar.
Blant barnehageforskarar er det relativt sett langt fleire kvinner enn i utdanningsforsking generelt, 77 mot 61 prosent.
Det er referert til desse tala i stortingsmeldinga Tid for lek og læring – Bedre innhold i barnehagen.
Powered by Labrador CMS