Etter at regelverket for nulltoleranse for mobbing i skolen vart innført i august 2017 har det vore lite endring i talet på klager.

Talet for klager på skolemiljø er stabilt

Etter at regelverket for nulltoleranse for mobbing i skolen vart innført i august 2017 har det vore lite endring i talet på klager.

Publisert

Dei tre første med det nye regelverket halvåra handsama fylkesmennene til saman 2069 saker, dei tre siste halvåra hansama dei 2180. Det er Utdanningsdirektoratet som nå har nå lagt fram tal for kor mange saker om dårleg skolemiljø som fylkesmennene har handsama kvart halvår frå august 2017 til juni 2020.

Likevel er det ikkje opplagt korleis tala bør tolkast.

Frå januar til juni 2019 fekk fylkesmennene 854 klager, hausten 2019 kom det 731 klageer, og frå januar til juni i år fekk dei 590. Tyder det at det blir mindre å klage på med heimeskole og nettundervisning? Eller er det eit etterslep i slike klager, slik at ei eventuell nedgang på grunn av smittevern først vil slå ut i kommande halvår? Er det med andre ord ei reell nedgang dette halvåret?

Avdelingsdirektør Hilde Austad i Utdanningsdirektoratet tør ikkje gi eit klart svar på det nå. Ho seier til Utdanningsnytt at vi må vente på dei nye tala vi får etter nyttår for å sjå om det er ein tendens.

Uakseptabelt

– Arbeidet mot mobbing kan ikkje stoppe sjølv om vi har ein pandemi, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby i ei pressemelding.

Ho trekk fram at i eit stort fleirtall av saker er konklusjonen at skolen ikkje har gjort nok for å stoppe mobbing og krenking

– Det er uakseptabelt at så mange elevar og foreldre opplever at skolen ikkje gjer nok for å hjelpe dei elevane som ikkje opplever at skolekvardagen er trygg, seier Guri Melby.

Sjå også: Rektor: – 9a har skapt en fryktkultur hos ansatte

Powered by Labrador CMS