Lærarar må gje foreldre karakterar
Lærarar i Mississippi skal gje foreldre karakter etter kor involverte dei er i barna sin skulegang.
Representanthuset i delstaten vedtok dette lovframlegget i midten av mars. Ifølgje framlegget, som vart fremja av demokraten Gregory Holloway, skal det verte eit nytt felt i karakterkortet til kvar elev, der foreldra får karakter for deira vilje til å kommunisere med skulen, melder kringkastingsselskapet Fox News.
Forskar Clare Reim ved den konservative tankesmia Heritage Foundation, meiner framlegget er absurd.
– Dette er omvendt av korleis utdanningssystemet skal fungere. Det er foreldra som skulle setje karakter på korleis lærarane presterer, seier ho til Fox News.
Framlegget må òg handsamast i senatet i delstaten og av guvernøren før det vert gjeldande lov.