Utdanningsforbundets reiseforsikring
Innsendaren av dette innlegget føler seg lurt og svært dårleg behandla av Vesta etter å ha fått bagasjen forseinka tilbake.
Då fekk eg signaler om at selskapet dekka
opp til 2500 kroner per person dersom bagasjen var meir enn fire
timar forseinka. Fekk melding om korleis me skulle gjera for å
få kjøpt nødvendige klede og toalettsaker på
Geilo laurdag ettermiddag.
Me føler oss lurt fordi me seinare fekk
avslag på skadesaka. Vi har fått melding om at
henvendelsen min ikkje er registrert og at ingen har lova meg
noko!
Leif Olav Mjelde lova meg skriftleg melding om
korleis eg kunne forholda meg om eg kom i ein liknande situasjon,
telefon 20.11.04. Har framleis ikkje fått svar på det. Eg
er ikkje fornøgd, som kunde hos Vesta , via
Utdanningsforbundet.
Kan ikkje ha reiseforsikring der eg ikkje
får rett informasjon når eg ringer tre ulike stader. Eg
veit framleis ikkje kor eg kan ringa om eg treng melda skade eller
spørja om råd i ei skadesak utanom kontortida.
Ingen informasjon hadde vore betre enn denne
feilinformasjonen. Den kosta meg 5000 kroner. Hadde handla ansleis
om eg ikkje hadde fått denne feilinformasjonen. Eg har
inntrykk av at dette blant anna dreiar seg om ulikt syn på
saka i salgsavdelingen og skadesaksavdelingen hos Vesta?
Eg vart kontakta av Vesta om å kjøpa
forsikring der på grunn av avtalen mellom dei og
Utdanningsforbundet. Nå føler eg meg skikkeleg lurt og
svært dårleg behandla! 5000 kroner er ein god del pengar
for oss! Dette synest eg Utdanningsforbundet skal vera orientert
om.