Useriøs rangering

Når Dagbladet kan kåre landets beste og "verste" skule ut frå dei nasjonale prøvene, så er det høgst useriøst. Kva skal til for å bli landets "verste" skule?

Er det slik at fordi om elevar slit med teorifaga norsk, matte og engelsk, så krev det å bli karakterisert som "verstingar"? Slike karakteristikkar burde "kulturavisa" Dagbladet halde seg for til å bruke på norske skuleelevar.