– Mindre lønnsskilnad er statleg oppgåve
Sentrale styresmakter må løyse problemet med skilnadene i lønn- og arbeidsvilkår mellom offentlege og private barnehagar, ifølgje kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell (SV).
Solhjell sa dette i ein radiodebatt nyleg på NRK P2 med leiar i Familie- administrasjon og kulturkomiteen på Stortinget, May-Helen Molvær Grimstad (Kristeleg Folkeparti).
Ho uttrykte uro for økonomien i dei private barnehagane om øyremerkinga av pengane til barnehagar fell bort i 2011, slik regjeringa legg opp til. Molvær Grimstad etterlyste ei lovnad om økonomisk likestilling mellom private og kommunale barnehagar, og ikkje som nå ein garanti om at dei private skal få tilskott tilsvarande 85 prosent av gjennomsnittskonstnadane til dei private.
Solhjell ville ikkje gå inn på ein slik garanti. Det var ikkje eit godt nok tiltak for å sikre likeverdige lønns- og arbeidsvilkår mellom kommunale og private barnehagar, og det er nettopp det som er eit av hovudutfordringane for barnehagesektoren.
– Sjølv om mange privattilsette leverer flott arbeid, vil dårlegare lønns- og arbeidsvilkår på sikt vere ein trugsel mot kvaliteten i dei private barnehagane, og nettopp barnehagekvaliteten er den utfordringa vi nå må ta tak i, sa Solhjell. Han ville derfor ikkje sende ansvaret for å rette opp skilnadene over til kommunane i form av eit pålegg om lik handsaming.
På spørsmål om kvifor regjeringa har brukt nesten fire år før dei tar tak i dette problemet svarte Solhjell at ein nå har fått materiell til å betre dokumentere og analysere problemet. Men det sikta han høgst sannsynleg til rapporten frå Telemarkforskning: Kostnadsforskjeller i barnehagesektoren," som kom i vinter. Der kjem det mellom anna fram at personalkostnadene er rundt 20 prosent høgare i kommunale enn i private barnehagar. Alt i alt er kostnadene ved ordinær barnehagedrift 13 prosent høgare i kommunale enn i kommunale barnehagar.
Viktigaste grunn til skilnadene er lønns- og pensjonskostnader og lågare bemanning. Skilnaden i bemanning er på sju prosent, når ein har justert for ulike forhold som kan utløyse ekstra personell, viser rapporten.