Skuldar på fellesskolen

Delstaten Baden-Württemberg har mista topp-plassen på lista over tyske delstatar som blir sett opp av Berlininstituttet for kvalitetsutvikling i utdanninga. Mange skuldar på fellesskolen.

I Tyskland blir elevane etter fjerde klasse delt på tre ulike skoleslag etter fjerde klasse, ut frå kor skoleflinke dei er. Gymnaset er rekna som det mest krevjande skoleslaget. Men det finst også fellesskolar der barna ikkje blir delt.

Klarte ikkje minstekrava

Berlininstituttet for kvalitetsutvikling i utdanninga lagar rapportar om nivået i tysk skole.I den siste rapporten klarte ikkje femti prosent av dei elevane i Baden-Württemberg som ikkje går i gymnaset minstekrava i matematikk og naturfag. Det melder Zeit online. Dermed kjem Baden-Württemberg bak både Bayern og alle dei austtyske delstatane.   

For snautt tre år sidan fekk Baden-Württemberg ein raud-grøn delstatsregjering. Regjeringa droppa kunnskapstesten og lét foreldra sjølv bestemme kva for skoleslag barna skulle gå på. Samstundes ønskjer regjeringa fellesskolar i staden for det tredelte systemet, og talet på fellesskolar har auka sidan dei raud-grøne tok over.

- Lærarar manglar utdanning

Nå peikar mange på dette som ein forklaring på fallet frå toppen av kunnskapsstatistikken. Blant dei er utdanningsforskaren Ulrich Trautwein ved universitetet i Tübingen. Han meiner at ein fellesskole ikkje kan ha nok elevar med eit modningsnivå på gymasskolenivå til at dei kan halde eit gymnasnivå på undervisninga.

Regjeringa sjølv seier at for mange av lærarane som ikkje underviser i gymnasiet manglar tilfredsstillande utdanning.