Pris til Dustefjerten

Dustefjerten blei i dag heidra med den skjønnlitterære barnebokprisen. Dustefjerten sin skapar, forfattaren Rune Belsvik, fekk prisen av kulturminister Valgerd Svarstad Haugland si hand.

Det var for boka "Dustefjerten og den store sommarferieturen" (Cappelen) Rune Belsvik fekk den skjønnlitterære barnebokprisen for 2003. Bøkene om Dustefjerten er etter kvart blitt populær lesing for tusenvis av ungar land og strand rundt, og opplesingsseriar i NRK Radio har utan tvil hjelpt på populariteten.
 
Mysteriet William Shakespeare
No var det fleire som fekk barnebokprisen. Bildebokprisen gjekk til Gro Dahle og Svein Nyhus for "Sinna mann" (Cappelen), medan fagbokprisen gjekk til Jon Ewo, elles kjent for hardkokte kriminalromanar for vaksne, for "Vil den verkelege William vere så snill å reise seg! William Shakespeare - et puslespel av en biografi" (Omnipax).
 
Revar og Ole Bull
Mary Bente Bringslid er ein nykommar blant dei litterære ringrevane. Ho blei tildelt debutantprisen for "Dei blå revane" (Det Norske Samlaget). Bringslid er fra Bergen, og derfrå kom Ole Bull også, sjølv om han ikkje lenger er blant oss. Teiknaren Finn Graff fekk likevel illustrasjonsprisen for boka "Eventyret om Ole Bull" (Cappelen).
 
Teikneserieprisen
Ingalill Røsberg (for nokre betre kjent som Inkalill) fekk teikneserieprisen for "Miranda. Fargenes mester" (Westvind), første bandet i ein planlagt serie.
 
Lene Kaaberbøl fra Danmark har skreve "Skammarens dotter og skammarteiknet" (Det Norske Samlaget). Tittelen er sjølvsagt ikkje originaltittelen. Den står truleg Øystein Rosse for - han fekk oversetjarprisen.
 
Spesialpris til Bringsværd
Det blei også delt ut ein spesialpris for 2003, og han gjekk til Tor Åge Bringsværd for den seks band store Mime-serien. Serien blei avslutta i fjor med "En gang var Buddha apenes konge" (Gyldendal).
 
Kultur- og kyrkjedepartementet
Det er Kultur- og kyrkjedepartementet som deler ut desse prisane for barne- og ungdomslitteratur. Fra og med i fjor er det Norsk barnebokinstitutt som administrerer prisane. Formålet med prisane er sjølvsagt å stimulere til skriving av god litteratur som får barn og unge til å lese.
 
Kan meir enn fotball
Juryleiar har vore Anne-Stefi Teigland, cand. philol. med yrkestittelen formidlar, frå Bergen. Blant dei andre i juryen på fem personar kan nemnast Ola By Rise frå Trondheim, tidlegare journalist og målvakt på fotball-landslaget, no litteraturkritikar og trenar for landets mest framgangsrike fotballklubb.