Ovklok vere han (ho!) ikkje
Lukke og trivsel skal vere viktigare enn alt anna. Kva betyr det for læraren? Håvamål kan hjelpe oss med svar også her.
- Asbjørn Geithus er pensjonert lektor
Å lokke med mykje fe
Dreg høg løn potensielt gode lærarar til yrket? Neppe. For dei som går etter mest mogeleg materielle verdiar, kan finne meir fe i mange andre yrke. Dei som meiner visdom er viktigare enn pengar/ fe, vil derimot følgje sine verdival og bli lærarar. Dermed hopar det seg opp i skulen med slike som tykkjer veksande vit er viktigast.
Strofe 79
Hjå fåvis mann, /om fe han seg vinn / og ynde og elsk hjå kvende, /
byrgskapen veks, / men vitet hans ikkje, / og ovmodet aukar drjugt.
Av og til tenkjer også lærarar at dei får for knapt med fe, og kjenner seg vesale ved sida av pengesterke omgjevnader. Hald då fast på kva som er viktigast!
Strofe 10
Betre byrdi / du ber kje i bakken /enn mannevit mykje. /
Det er betre enn gull / i framand gard; / vit er vesalmanns trøyst.
Ovklok vere han (ho) ikkje
Det er usemje om kor viktig det er at læraren har solid fagkunnskap. Eit syn; Læringa ligg på eit så lågt nivå at lærarane kan rikeleg uansett. Andre forskarar finn dekning for at høge intellektuelle og verbale kvalitetar hjå læraren gjev betre læring. Dei som ønskjer høg fagkompetanse i skulen bør kanskje lese Håvamål, før dei ønskjer læraren så vondt.
Strofe 55
Måteleg klok / kvar mann vere; /ovklok vere han ikkje.
For sjeldan er hugnad / i hjarta å finne / hjå honom som ovklok er.
Lukka for læraren
Når eg no ser innlegg i skuledebatten frå vituge folk, skjønar eg at eg kunne ha hatt større hugnad i hjarta dersom eg hadde lagt mindre arbeid i det faglege. Å anstrengje seg for å gje elevane solid fagleg føde har gjeve meg mange, mange timar med unødvendig lesing og studering. Kanskje det til og med kan ha skada viktigare sider ved forholdet mitt til elevane mine. Men merkeleg nok opplever eg likevel at alt mitt strev for å bli betre fagleg har gjeve meg hugnad i hjarta. Og eg trur at mange av mine elevar kan ha opplevd å ha fått hugnad i hjarta ved å måtte streve saman med meg.
P.S.
Ta forskinga på alvor; Viktigaste faktoren for kva resultat eleven oppnår er kva utdanningsnivå mor har. Flytt difor fokus frå kva fagleg nivå lærarstanden har og syt for at alle mødrer får ei lang og solid utdanning. Med 5-7 år på universitetet for mor greier mattelæraren seg fint med karakteren to frå vidaregåande.