Sauda vidaregåande skole klarer ikkje å skaffe næringslivet i indre Ryfylke nok lærlingar.

Elevar skal få betalt for å gå på den næraste vidaregåande skolen

Dette skoleåret starta 25 prosent av elevane frå Suldal i Rogaland på Sauda vidaregåande skole. Nå vil politikarar i Suldal betale dei for å gå der.

Publisert Sist oppdatert

– Dette er eit forsøk på å snu trenden, seier Suldal-politikar Kari Vaage Gjuvsland (Ap) til NRK.

Forslaget er at elevane skal få 10 000 kroner året i stipend om dei vel å gå på Sauda vidaregåande skole.

I staden for å gå på skole i nabokommunen Sauda reiser elevane til Stavanger, Haugesund eller Strand.

Rektor ved Sauda vidaregåande skole, Oskar Waage-Pettersen, understrekar overfor Utdanningsnytt at skolen ikkje har vore involvert i dette tiltaket. Men han er glad for at politikarane tar initiativ.

– I byskolane brukar dei ikkje to minutt på å tenkje over korleis dei skal få elevar. Vi tenkjer på det heile tida, seier han til Utdanningsnytt.

Ifølgje rektor klarer ikkje skolen å sikre næringslivet i indre Ryfylke nok lærlingar.

Uro for rekrutteringa til industrien

Næringslivet i regionen er uroa over rekrutteringa. NRK melder at hjørnesteinsbedrifta Eramet Sauda kjem til å skifte ut bortimot halve arbeidsstyrken sin frå 2019 og fram til 2029.

– Er ikkje det vanlege problemet at det er for få læreplassar?

– Ikkje i vårt område, seier Oskar Waage-Pettersen.

Sauda vidaregåande skole er næraste skolen for elevar frå nabokommunane Sauda og Suldal.

– Korleis høver dette inn i den aktuelle debatten om karakterbasert opptak eller opptak etter nærskoleprinsippet?

– Det hadde vore flott om alle elevane frå Suldal kom til oss. Men situasjonen i dag er at halvparten av elevane våre kjem frå andre delar av Rogaland og bor på hybel i Sauda. Vi er svært glade for at vi har dei, seier rektor Oskar Waage-Pettersen.

Powered by Labrador CMS