Annonse

– Eg er glad for at vi no har fastsett ein overordna del det er stor semje om, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Røe Isaksen: – Eg er glad for at vi no har fastsett ein overordna del det er stor semje om

Regjeringa har i dag fastsett ein ny overordna del av læreplanane i skolen.

Annonse

Utdanningsnytt på Facebook!

Den overordna delen som no er fastsett erstattar generell del og prinsipp for opplæringa. I tillegg til ei formell høyring har det vore arrangert fleire høyringskonferansar.

Tidlegare i år oppretta Kunnskapsdepartementet også ein blogg for å få fram ulike syn på kva som skal ligge til grunn for verdiane i skolen. 

 

 

– Mykje har endra seg sidan 1993

– Eg er glad for at vi no har fastsett ein overordna del det er stor semje om. Den overordna delen av læreplanane er på mange måtar skolen sin eigen "grunnlov". Føringane som ligg i den overordna delen skal ligge til grunn for alt skolen gjer og lærer bort til elevane, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen i ei pressemelding.

– Den førre generelle delen av læreplanen blei fastsett i 1993 og mykje har endra seg sidan da. Utdanning betyr meir enn nokon gong om vi skal henge med på utviklinga i samfunnet. Skolane skal ikkje berre henge med, dei må lede an i denne utviklinga, seier Røe Isaksen.

Overordna del av læreplanverket er grunnlaget for skolen sitt samfunnsoppdrag og er tufta på formålsparagrafen i opplæringslova. Den overordna delen utdjupar verdiane i skolen og ligg til grunn for det elevane skal lære, og for deira utvikling og danning.

 

Fakta
  • Overordna del – verdiar og prinsipp for grunnopplæringa er ein del av læreplanverket, og er fastsett ved kongeleg resolusjon 1. september 2017.
  • Grunnopplæringa består av grunnskole og vidaregående opplæring. Den omfattar dermed opplæringa elevane får frå første klasse på barneskolen til og med studieførebuande og yrkesfaglege utdanningsprogram i vidaregåande opplæring.
  • Overordna del av læreplanverket utdjupar verdigrunnlaget og dei overordna prinsippa for opplæringa – både pedagogisk praksis og samarbeidet mellom heim og skole.
  • Formålsparagrafen i opplæringslova (§1-1) seier mellom anna at opplæringa skal bygge på grunnleggande verdiar i kristen og humanistisk arv og tradisjon. Elevane skal utvikle kunnskap, dugleik og haldningar for å meistre liva sine og kunne delta i arbeid og fellesskap i samfunnet.

 

Same verdiar på alle skolar og i alle klasserom

Den nye overordna delen er eit felles verdidokument for norsk og samisk opplæring. Tidlegare var prinsipp for opplæringa i den samiske skolen i eit eige dokument.

Kunnskapsdepartementet vil komme tilbake til Tidspunktet for når overordna del skal tre i kraft i skolen.

– No er overordna del av læreplanen fastsett. Men vegen vidare er vel så viktig. Korleis skal vi ta i bruk overordna del og korleis skal vi få til eit verdiløft i skolen? Overordna del skal vere ein felles plattform der dei same verdiane ligg i botn for undervisinga på alle skolar og i alle klasserom, understrekar Røe Isaksen.

 

_____________________

 

Hei!

Kommentering av artikler er ikke tillatt mellom midnatt og 06:00.
Velkommen tilbake!

 

_________________________