Kompetansen til dei tilsette i barnehagane skal aukast gjennom ein ny strategi som kunnskapsministeren lanserte tysdag. Arkivfoto: Jørgen Jelstad

Isaksen lovar fleire barnehagelærarar med mastergrad

Alle tilsette i barnehagane skal få tilbod om kompetanseheving. Det lovar kunnskapsministeren. I dag lanserer han ein ny strategi på barnehagebesøk i Ålesund.

Publisert

Regjeringas kompetansestrategi for tilsette i barnehagane skal gjelde frå 2018 til 2022.

– Vi har som mål å sikre alle barn eit godt barnehagetilbod. Alle som jobbar i barnehagane, må ha nødvendig og oppdatert kunnskap for å gi barna god oppfølging, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen. 

Strategien har tiltak retta mot alle grupper tilsette i barnehagen. Strategien har som mål å bidra til at det blir fleire barnehagelærarar og barne- og ungdomsarbeidarar i barnehagen, og at det blir fleire barnehagelærarar med utdanning på masternivå.

– Du lovar fleire barnehagelærarar med mastergrad. Kvifor det?

– Vi vil ikkje innføre eit krav om at alle barnehagelærarar skal ha ein mastergrad, men eg meiner at barnehagelærarar som har masterutdanning – og dermed eit fagfelt dei har fordjupa seg i – kan tilføre barnehagane verdifull kompetanse. Derfor satsar vi på å utdanne fleire med mastergrad, seier statsråden.

 

Meiner partane bør gjere noko med lønna

Om moglege rekrutteringstiltak seier han:

– Eit anna tiltak vi bør snakke med partane om, er lønnstilhøva for dei tilsette med mastergrad. I skolen er lærarane med mastergrad sikra ein høgare lønn. Slik er det ikkje med dei tilsette i barnehagane. Eg skal ikkje leggje meg borti lønnstilhøva til dei tilsette i barnehagane. Det har partane i arbeidslivet ansvar for. Eg berre konstaterer at det er ein forskjell mellom dei tilsette i skolen med mastergrad og dei tilsette i barnehagane med mastergrad, seier Isaksen.

 Han seier han ønsker å snakke med både KS og organisasjonane til dei tilsette om dette.

 

Vil satse om lag 400 millionar årleg

Frå 2013 til 2017 har regjeringa meir enn dobla innsatsen til kvalitets- og kompetansetiltak i barnehagane, frå 165 til 400 millionar kroner.

 

– Kva skjer med finansiering av tiltak framover?

– 400 millionar har vore ei årleg satsing. I denne stortingsperioden har vi brukt om lag 1,4 milliardar. Eg reknar med at vi vil ha behov for omtrent same årlege sum på 400 millionar kroner i åra som kjem, seier Isaksen.

– Arbeidarpartiet har lova at minst halvparten av alle tilsette i barnehagane skal vere barnehagelærarar. Kva har du å seie til det?

 – Vi er allereie godt i gang. Då vi starta, var dekningsgraden på 37 prosent. No er den snart oppe i 44 prosent, så vi er på god veg til å nå det målet, seier Isaksen.

Det er sett i gang nye kompetansetiltak, til dømes fagskoleutdanningar for barnehagetilsette og fleire vidareutdanningstilbod for barnehagelærarar.

– Er det nok kapasitet i høgare utdanning til å takle dei nye kompetansehevingstiltaka? 

– Vi har ikkje laga ei undersøking, men eg meiner at høgskolar og universitet har kapasitet nok til å utdanne fleire barnehagelærar, samt gje etter- og vidareutdanning til barne- og ungdomsarbeidarar.

 

Snakka om tilvenning

 – Kva tok du opp på besøket i barnehagen i Ålesund?

– Eg forsøker å snakke så mykje som mogleg med barna når eg er på besøk i skolar og barnehagar. Eg snakka også med dei tilsette i barnehagen om tilvenning og korleis ein kan få til dette på best mogleg måte, seier statsråden.

– Kvifor lanserer regjeringa ein ny strategi no?

– Det er for å gjere barnehagane enda betre i stand til å møte krava i den nye rammeplanen for barnehagen. Rammeplanen som tredde i kraft 1. august 2017, stiller tydelegare krav til at barnehagane må ha eit systematisk pedagogisk arbeid, seier han.

 

– Den reviderte strategien skal gje alle tilsette i barnehagen høve til å utvikle kompetansen sin, og at barnehageeigarar skal leggje til rette for dette, lover Isaksen.

 

– Innføring av den nye rammeplanen skjer først og fremst i den enkelte barnehage. Det er derfor viktig at dei tilsette får utvikle kompetansen sin i fellesskap med kollegaer i barnehagen der dei jobbar. Det vil gjere det lettare å finne gode lokale løysingar for korleis dei kan styrke innhaldet i barnehagen, seier Røe Isaksen.

 

 

Vil ha kompetanseheving på arbeidsplassane


Lokale aktørar skal samarbeide om å utvikle gode kompetansetiltak for dei tilsette. I løpet av strategiperioden skal Fylkesmannen leggje til rette for utvikling av regionale forum for samarbeid. Der skal kommunale og private barnehageeigarar samarbeide med relevante aktørar i barnehagesektoren og bli samde om kompetansetiltaka dei vil prioritera.

 

– På sikt vil regjeringa stille krav om at det skal finnast slike regionale forum for samarbeid for at barnehagane skal få pengar til tiltak, seier Isaksen.

 

Strategien har fire satsingsområde for barnehagebasert kompetanseutvikling: barnehagen som pedagogisk verksemd, eit inkluderande miljø for omsorg, lek, læring og danning, språk og kommunikasjon og barnehagens verdigrunnlag. Områda skal sjåast i samanheng med nasjonale satsingar på realfag, språk og arbeidet mot mobbing.

Powered by Labrador CMS