Elevhyblane i Finnmark vil auke med om lag 900 kroner månaden. Ill.foto: Lillian Nelson, Free Images

Elevhyblane i Finnmark blir dyrare

Elevhyblane i Finnmark vil auke med om lag 900 kroner månaden. Det er effekten av at Fylkestinget reduserer støtta med 800.000 kroner.

Nestleiar i Elevorganisasjonen i Finnmark, Maiya Syrstad, meiner dette er svært alvorleg. Så stor auke i utgiftene vil påverke levesettet.

- Det skal ikkje vere ei alt for tung oppleving å flytte heimanfrå når ein er tvungen til det, seier ho til NRK.

Johnny Ingebrigtsen frå SV er leiar for hovudutval for Utdanning i Finnmark fylkeskommune. Han forsvarar kuttet, men seier at prisen på hyblar ikkje må bli så høg at ungdom i fylket ikkje ser seg råd til å ta vidaregåande utdanning.

Finnmark fylkeskommune skal i alt spare 3.2 millionar kroner over fire år.