7,28 prosent av elevane med seks i dei fire faga hovudmål skriftleg, matematikk, samfunnsfag og naturfag svarte i 2014 at dei blir mobba. Arkivfoto: Utdanning

Dei flinkaste elevane blir oftast mobba

Elevar med karakteren 6 i alle dei fire faga norsk hovudmål skriftleg, matematikk, samfunnsfag og naturfag blir oftare mobba enn andre elevar.

Det er Utdanningsdirektoratet som melder dette på sine nettsider. Opplysningane kjem frå ein rapport frå NTNU samfunnsforsking.

Rapporten tar utgangspunkt i Elevundersøkinga. Det er ei nettundersøking der elevar i grunnskole og vidaregåande skole får høve til å seie frå om viktige tilhøve i skolen.

7,28 prosent av elevane med seks i dei fire faga svarte i 2014 at dei blir mobba. Det er det høgaste talet, når elevgruppa er fordelt etter karakterar. På andreplass kom elevane med under 3 i dei fire faga. Der gav opp 6,45 prosent at dei vart mobba.

Minst mobba blir elevar med karakterar mellom 5 og 6. Der svarar 1,79 prosent at dei blir mobba. 2,3 prosent av elevane med karakterar mellom 4 og 5 og 3,55 prosent av elevane med karakterar mellom 3 og fire seier dei blir mobba.

Det er størst variasjon i svara for elevane med dei høgaste karakterane. Det tyder at samstundes med at mange i denne gruppa opplever mobbing, er det også mange som ikkje gjer det.

Analysen er gjort av di Kunnskapsdepartementet har sett ned eit utval for å vurdere korleis norsk skole kan ta betre vare på elevar som presterer høgt.

Powered by Labrador CMS