Foreslår våpentrening for russiske skuleelevar
Frå neste skuleår kan grunnleggjande militæropplæring på nytt bli obligatorisk i skulane i Russland.
Ifølgje nettutgåva til den russiske avisa Nezavisimaja Gazeta vil to av dei fire partia i nasjonalforsamlinga fremje kvart sitt forslag om obligatorisk militærførebuing for russiske skuleelevar. Målet er ifølgje avisa å auke kvaliteten på dei som skal avtene verneplikt og gjere det lettare å avdekkje dei som seinare vil freiste å unngå militærteneste ved å simulere dårleg helse.
– På mellomtrinnet spring, hoppar og slåst dei i kroppsøvingstimane. Men så snart dei kjem i vernepliktsalderen, får dei brått ulike sjukdomar som gjer at dei ikkje kan dra i militæret, seier Roman Khudjakov til avisa. Han er parlamentsmedlem for Russlands liberaldemokratiske parti, som vert leia av den sterkt nasjonalistiske Vladimir Zjirinovskij.
Elevane skal lære å ta frå kvarandre og setje saman eit kalasjnikov-gevær og skyte med det. Jentene skal lære om førstehjelp, ifølgje avisa.
I det enno ikkje heilt ferdige framlegget frå Kommunistpartiet går det fram at elevar i 10. og 11. klasse skal ha ei to vekers samling ved ein militærbase.
– Slik kan barna få eit første møte med disiplin, hæren og militære retningsliner. Det vil heve kvaliteten på russiske vernepliktige. I dag skjelv dei på hendene og føtene ved det første synet av ei kaserne, seier Vadim Solovjov frå Kommunistpartiet.
Ifølgje avisa vil framlegga òg få støtte frå partiet Det rettferdige Russland. Saka skal no til handsaming i underhuset Dumaen, der regjeringspartiet Det sameinte Russland har fleirtalet.
Grunnleggjande våpenopplæring for elevar var obligatorisk i Sovjetunionen. Faget vart fjerna frå timeplanen i russiske skular i 1991.