– Norskopplæringa for innvandrarar må styrkast

Regjeringa ynskjer no å innføre ein statsborgarprøve der ein må kunne skriftleg norsk.

– Uavhengig om regjeringa får gjennomslag for kravet om norskkunnskap, så må det finnast eit fullgodt nynorsk alternativ for innvandrarar som skal lære seg norsk. I dag finst det ikkje eit slikt tilbod, seier Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag.

Nynorskkommunar har i lang tid pressa på for betre opplæringsmateriell i nynorsk for vaksne innvandrarar. Fleire har teke kontakt med Mållaget for å undersøkje om det finst slikt opplæringsmateriell, men det er lite og svært mangelfullt.

– Det betyr at dei innvandrar som buset seg i ein av dei over hundre nynorskkommunane her i landet ofte blir tvungne til å lære seg bokmål. Dette hindrar ei fullgod integrering. Det skapar problem når ein skal skaffe seg arbeid. Det skapar problem når ungane lærer seg nynorsk på skulen, noko foreldra ikkje har fått opplæring i, seier Øvregård.

– Uansett om det blir ein obligatorisk prøve eller ikkje, må det komme eit løft i norskopplæringa for innvandrarar. Nynorsk læremateriell må på plass, seier Øvregård.