Norsk (?) i dag

Kor kan det ha seg at ord og uttrykk med lang fortid og som dermed skulle vere fast forankra også i dagens språkbruk blir avløyste (for ikkje å seie forkasta) av merkelege nykonstruksjonar, ofte det reine tøv, spør innsendaren.

Eg viser til språkspalta i Utdanning nr. 5/2005 med overskrifta Unnskyld at jeg blander meg! Ruth Vatvedt Fjeld (RVF) skal heretter vere alternativ til Finn-Erik Vinjes "snurrepiperier" (orsak/unnskyld!). Eg har nok ikkje tenkt å blande meg, men ønskjer heller å blande meg inn i ein diskusjon omkring dagens språkbruk.
 
RVF siterer Rolf Jacobsen, der vi finn linja - Gud, lær mig søvnens sprog. Svært høveleg sitat. For er det noko som pregar mange av dagens norskbrukarar, så er det svevn, dvs. ein sterk mangel på kunnskap om og innsikt i og framfor alt vettug bruk av moderne norsk.
 
Ein skulle tru at norsk av i dag ikkje hadde fortid og at folk leita seg fram i ukjent terreng. Vi hører og les forskrudde konstruksjonar, merkeleg ordbruk, mangel på logisk samanheng, infantilt pjatt, ugreie i bøyingsmønster, stereotyp og ordfattig uttrykksmåte...
 
Kor kan det ha seg at ord og uttrykk med lang fortid og som dermed skulle vere fast forankra også i dagens språkbruk blir avløyste (for ikkje å seie forkasta) av merkelege nykonstruksjonar, ofte det reine tøv? Før stilte ein eit spørsmål eller sette spørsmålsteikn ved. No stiller ein spørsmålsteikn.
 
"Klassikarar" av i dag er slike: "Overskuddet ble dobbelt så stort som sammenlignet med samme periode i fjor". "Uværet skyller inn over industrien". "Dei vil leggje alle klutar til". "Går man folk inn på klinken,..." "Politiet skal starte etterforsking med henblikk på å finne grunnen til brannen".
 
Karakteristisk for dagens norsk er ordfattigdom og mangel på synonym. Særleg merkande er dette ved forsterkande adverb. Endatil den lærde professor slår til med det aldeles forslitte og utslitne veldig: veldig godt råd, veldig spesiell.
 
Derimot har ho visst styrt unna kjempe-: kjempefin, kjempeglad, kjempegod osv. Kjempe treng vi å reservere til noko heilt anna, nemleg kjempe mot utvatning og forflating av god og nyansert ord- og språkbruk.
 
Det er mangt å ta fatt på. Kva med rett ord på rett plass? Kvifor skal berre eitt ord brukast overalt? Før arbeidde ein med litt av kvart. No skal det jobbast uansett. Jobbe fram eit eller anna, jobbe med saka, jobbe med ei preike til gudstenesta.
 
Engelsk trenger seg inn på mange måtar: Meant for blir kritikklaust til ment for i norsk. Så har vi all denne sjekking for likt og ulikt. Sjekke inn og sjekke ut, sjekke klokka, timeplan og, sanneleg, sjekke rettskriving og bøying. Tenk om ein stundom prøvde seg med ein liten kontroll -.
 
Kvifor skal ein alltid vere komfortabel med, rimeleg sikker på, forskottere ei svar, for ikkje å tale om sportsspråkets helt rått, sinnssykt artig, gå for.
 
Det ser ut til at utan ei forankring i eit trygt og tradisjonsfesta talemål legg ein seg open for impulsar og påverknad frå mange kantar. Nynorsk opnar seg mot bokmål, bokmål (og nynorsk) mot engelsk, og media set standarden.