Nesten 100 prosent gjennomføring i Nissedal
I Nissedal i Telemark er elevane er godt nøgde med relasjonane til lærarane og det har vore ei satsing på rådgjevartenesta over fleire år.
Talet på elevar som kjem frå Nissedal kommune i Telemark og som fullfører vidaregåande skule, er veldig høgt, nesten full skår. Dei siste åtte åra har alle elevane frå Nissedal ungdomsskule gått over i vidaregåande skule.
Færre enn fem har ikkje fullført innan normert tid i same tidsrom. To av dei som ikkje har fullført treårig vidaregåande skule innan normert tid, har brukt lengre tid på å fullføre. To har gått over i jobb, og ein har droppa ut.
Rektor ved Tveit skule/Nissedal ungdomsskule, Reidun Carol Retterholt, seier i ei pressemelding frå kommunen at den store majoriteten av elevane frå 10. klasse vel yrkesfag på vidaregåande skule.
– Ein ser at dei yrkesfaglege studieretningane er populære blant elevane våre, og ein vil også kunne seie at yrkesfaglege studieretningar har god status i Nissedal-samfunnet, seier ho.
Hovudtillitsvald i Utdanningsforbundet, Leif Arild Sanden, vil gjerne at driverane til dei gode gjennomføringstala for Nissedal-elevar i den vidaregåande skulen, blir funne.
– Om nokon ville ha forska på dette, trur eg ein kunne ha funne fakta som ville kunne avhjelpe storsamfunnet med den gjengse problematikken rundt fullføring i vidaregåande skule, seier Sanden.
Einingsleiar skule, Kjersti Vevstad, seier at elevundersøkingane i Nissedal jamt over dei siste åra har vist at elevane er godt nøgde med relasjonane til lærarane.
– Det har vore ei satsing på rådgjevartenesta over fleire år. Det kan ha vore ein medverkande årsak frå skulen si side. Det er også høg lærartettleik i Nissedal-skulen, og det kan òg ha påverka positivt, seier ho.