Fleire i private grunnskolar
Talet på elevar i private grunnskolar gjekk svakt opp, mens talet på elevar i offentlege grunnskolar gjekk noko ned.
Elevtalet har også gått noko ned det siste året. Totalt vart det registrert 614.000 elevar i ordinære grunnskolar, som er ein nedgang på 2400 elevar frå førre skoleåret.
Elevtalet ved dei private skolane gjekk svakt opp og låg på 15.400. Dette svarar til 2,5 prosent av alle elevar i grunnskolen.
I skoleåret 2008/2009 blei det registrert 3059 grunnskolar, ein nedgang på 43 sidan året før. Det har vore ein nedgang i både offentlege og private grunnskolar, ifølgje Statistisk sentralbyrå.
Det blir stadig færre grunnskolar i Noreg. I 2008 gjekk talet på offentlege grunnskolar ned med 40.
Talet på private grunnskolar gjekk brått opp i skoleåra frå 2000 til 2005. Sidan 2005 har auken flata ut, og det siste året har talet gått ned. Hausten 2008 vart det registrert 154 private grunnskolar i Noreg, tre færre enn året før.
Om lag 82.000 elevar, eller 13,4 prosent av alle elevane i grunnskolen, hadde nynorsk som målform i 2008. Det er noko lågare enn førre året. Nær 90 prosent av alle elevar som har nynorsk som målform, går på skole i eitt av vestlandsfylka: Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane eller Møre og Romsdal.
940 elevar hadde samisk som målform, og dei aller fleste går på skole i Finnmark.
Les også disse sakene:
Høyre lover lønnsløft
http://www.utdanningsnytt.no/templates/udf20____20319.aspx
Vil ha meir nynorsk i departementa
http://www.utdanningsnytt.no/templates/udf20____20318.aspx
Flere barnehager bruker pc-er
http://www.utdanningsnytt.no/templates/udf20____20317.aspx
– 9-åringen ble mobbet
http://www.utdanningsnytt.no/templates/udf20____20316.aspx
Undervisningsopplegg for Internett og mobil
http://www.utdanningsnytt.no/templates/udf20____20315.aspx
Pensjons- og lønnskrav fra Unio
http://www.utdanningsnytt.no/templates/udf20____20314.aspx