Kyllinghelse, PISA og lesekondis

Debatt: Gutar har alltid lese annleis enn jenter. Kan hende tek ikkje PISA-tekstane nok omsyn til dette.

Publisert

Vi treng diverre ikkje PISA til å fortelje oss som har vore i klasseromma at det er skilnad på gutar og jenter, om det no er lesing eller andre dugleikar det gjeld. Gutar les, las og har til ei kvar tid lese annleis enn jenter, og det må andre middel til for å lirke og lokke gutane enn jentene inn i dei delane av skriftkulturen vi framhevar som dei viktigaste.

Drevne forfattarar som Arne Svingen fortel oss at det meste av det som er av barne- og ungdomslitteratur rett og slett er for kjedeleg for gutane, både i innpakning og tekst. Dei verdene ein møter på skjerm er det mykje meir fres i, og her kan gutane sjølv spele ei aktiv rolle, om det no er som skurk, helt eller det mest spanande, noko midt i mellom.

Dei som har granska born og unge sine lesevanar, kan melde om store skilnader mellom kjønna sine lesepreferansar. Alle gutar er sjølvsagt ikkje like, men det kan verke som preferansane ikkje har endra seg mykje på dei førti åra som har gått sidan eg sjølv vart tenåring. Helten står framleis sterkt.

Professor i tekstvitskap ved UiO, Kjell Lars Berge, kommenterer PISA sine tal om lesing og seier at: «... for mange elever kaster bort tida de har til rådighet på surfing på nett og til triviell tidtrøyte på digitale plattformer. Digital hverdagsslentring er en tidstyv som fortrenger den mer konsentrasjonskrevende lesingen av komplekse tekster. Det er denne typen lesing som er svekket hos 15-åringene, mest hos gutta, dessverre.»

Diverre møkker han til argumentet sitt med å lange ut mot leiaren i Utdanningsforbundet for manglande forståing av lesekompetansen sin tverrfaglege karakter, men det er ein digresjon. Det er lov å belite seg, som vi seier i Bergen. Ikkje ta vekk krakken idet du kan setja deg på den, gode professor.

Refleksjonar frå Utdanningsdirektoratet sin PISA-presentasjon seier i store drag uansett det same som Berge: «Hos noen elever kan årsaken være lav lesehastighet og manglende utholdenhet for å lese lengre tekster, hos andre kan det være vokabular og begrepsforståelse som er problemet. For mange er det største problemet rett og slett mangel på trening og erfaring i å lese mer enn noen få linjer. Vi vet også at elever med lav motivasjon vil mestre færre leseoperasjoner, særlig ved at de leser mindre og ikke søker utfordringer, og stagnerer dermed på et lavt nivå.»

Lesesenteret i Stavanger lister opp tekstar som er kjende for å appellere til gutar, og skriv til dømes: «Guinness' Rekordbok er et eksempel på en bok som fremkaller nysgjerrighet. Guttene liker at den inneholder mange morsomme rekorder man kan lese om og prøve å slå. De fleste liker også bøker som har innslag av krim, spenning og sex.»

Det er lite krim, spenning og sex i leseprøvene til PISA.

Det er lite krim, spenning og sex i leseprøvene til PISA. Ut frå eit nettsøk fann eg det som vert kalla «frigjevne oppgåver» frå PISA 2018. Her finn vi dei kriminelt spanande og opphissande temaa kyllinghelse, Påskeøya og kumjølk. I oppgåvene om kyllinghelse skulle eleven finne informasjon i utdrag frå eit diskusjonsforum. Den om Påskeøya var hakket betre, her skulle eleven hente ut informasjon og årsaksamanhenger i ulike typar korttekstar. Oppgåvene om kumjølk var av same slag som oppgåvene om Påskeøya, berre hakket kjedelegare. Her skal det sorterast i fakta og meining, svarast på ja/nei-spørsmål og sorterast i ulike perspektiv.

Kan det vere at jentene er betre enn gutane i PISA rett og slett fordi dei er betre dresserte til å halde ut keisame oppgåver? So enkelt er det nok ikkje, men oppgåvene er ikkje utan vidare verken kjønnsnøytrale eller meiningsfulle, og eg skjønar godt at elevar frå kjende lydigheitskulturar gjer det godt på PISA.

Tekstane framstår som «skolske» og ikkje utan vidare som tekster som nokon elevar oppsøkjer på eiga hand utanfor testsituasjonen. Norske elevar har det med å stille krav til meiningsfylde, og det vanlegaste spørsmålet i norske klasserom må vere «Kvifor skal vi gjere dette?». Kan og bør vi svare ærleg? Det må i so fall vere med svaret «Fordi om du ikkje gjer ditt beste, vil alle som meiner noko om skule flippe totalt ut fram til neste PISA-test». PISA sine tekstkonstruksjonar er heller ikkje den type tekstar som vi naturleg vel å arbeide med innafor undervisningssituasjonar, men pussige hybridsjangrar som er meint å vere «autentiske» og gjenspegle den skriftkulturen elevane har rundt seg. Eg tviler.

Skal vi jekke opp PISA-resultata, veit vi då kanskje kva som skal til. Gutane må lære å kjede seg. Dei må lære å lese tekstar som er berre delvis meiningsfulle, ut frå godt vaksne si oppfatning av kva som er relevant. Det ligg kanskje for mykje snusfornuft i den «kritisk lesing»-vinklinga vi ser i PISA-oppgåvene frå 2018 til at gutane gidd å kvikne til.

Elevar les og skriv som aldri før, men lesekondisen er på hell.

PISA seier ikkje noko som vi ikkje visste frå før. Elevar les og skriv som aldri før, men lesekondisen er på hell. Sidan sist PISA har vi fått enda meir lesing på skjerm. Teksttilfanget på internett er berre skit for ein som aldri kjem seg lenger enn side 1 på Google. Skjermopplevingane utviklar seg frå å vere bokstavdominerte til å vere bilet- og lyddominerte. Unge og vaksne står i det eg vil kalle ein flystøy av teikn, som er i ferd med å avstumpe heile sanseapparatet vårt. Vi har ei populær bok som heiter «Digital demens». Kanskje det er på tide å skrive boka «Digital tinnitus – duren som følgjer oss frå Instagram til grav».

Dei unge sine rollemodellar er ofte tekne frå idrett eller sosiale media, og du ser ikkje så ofte desse førebileta med lange tekstar mellom hendene. I dette kaoset skal ein femtenåring sette seg ned og forsvare nasjonen sin lesekompetanse i møte med korttekstar om kyllinghelse.

Blir løysinga på årets krise å gjere meir av det som har gjort oss dårlegare? Eg vert i so fall ikkje sjokkert.

Powered by Labrador CMS