Popartist Daniel Kvammen får Dialektprisen 2015

Norsk Målungdom har kåra popartist Daniel Kvammen til vinnar av Dialektprisen for 2015. Prisen vart overrekt på Det Norske Teatret i dag.

– Daniel Kvammen syng på Geilo-dialekta si, og er soleis ein framifrå representant for dialektene frå Hallingdalen, seier leiar i Norsk Målungdom, Synnøve Marie Sætre, i ei pressemelding.

  • Daniel Kvammen (f. 1988) kjem frå Geilo, og har på kort tid slått seg opp som låtskrivar og musikar.
  • Han debuterte som soloartist i 2015 med albumet Fremad i alle retninga.
  • Dialektprisen vart utdelt for fyrste gong i 2001, og vert delt ut kvart år av landsstyret i Norsk Målungdom.
  • Blant tidlegare prisvinnarar finn vi namn som Therese Johaug, Linda Eide og Tønes.
  • Prisen vart overrekt i Spegelsalen på Det Norske Teatret i dag av leiar Synnøve Marie Sætre.

Ho seier at dette er dialekter vi sjeldan får høyre i media.

– Som ein av dei mest populære og framgangsrike popartistane i Noreg i dag, har Kvammen gjort dialekta tilgjengeleg for mange unge som kanskje ikkje har hatt eit spesielt forhold til ho frå før, seier ho.

Leiaren påpeiker at dialektmangfaldet på Austlandet er under sterkt press, og Hallingdalen er ikkje noko unntak.

– Ein viktig del av grunngjevinga for at vi gir prisen til Kvammen, er at han er med på å styrke Hallingdal-dialektene heime i Hallingdalen, og at dette kjem den einskilde dialektbrukaren til gode. Det å få sjå og høyre sitt eige mål i andre samanhengar enn den lokale, er ofte det som gjer oss stolte, utdjupar ho.

Powered by Labrador CMS