Gym gjer gutar glupare

Gutar som har 200 minutt kroppsøving i veka, blir flinkare i teorifaga enn dei som berre har ein klokketime med gym.

Det meiner den svenske legen og forskaren Jesper Fritz, som har skrive doktoravhandling om fysisk aktivitet i skolen.

Han har studert 3534 elevar frå fire grunnskolar i Malmø i Sverige. Ved ein av skolane hadde elevane 200 minutt med kroppsøving i veka. På dei andre tre hadde dei 60 minutt, som er det vanlege i svenske skolar, skriv avisa Dagens Nyheter.

I gjennomsnitt hadde gutane frå skolen med meir kroppsøving betre karakterar enn landsgjennomsnittet når dei gjekk ut grunnskolen. Skilnaden svarar til ein karakter opp i tre fag. For jentene sin del har han ikkje sett slike skilnadar.

Men jentene frå forsøksskolen har sterkare skjelett enn jenter som ikkje hadde hatt ekstra gym. For gutane var det ingen slik skilnad. Både gutar og jenter frå forsøksskolen hadde meir muskelmasse enn elevane med normert timetal for kroppsøving.

Jesper Fritz har sjølv deltatt i både OL og VM som stavhoppar.

Powered by Labrador CMS