Klimatisk kjempebløff?
Temperaturen på jorda har gjennom alle tider svinga frå minusgrader til plussgrader over dagens nivå. Det kan ikkje vere tvil om at sola her har spela ei heilt dominerande rolle.
I hundre år etter den vesle istida, fram mot 1940, steig den globale temperaturen med ca ein grad. Havet blei også oppvarma og måtte avgje CO2 til atmosfæren. Frå 1940 til 1975 sank temperaturen sjølv om CO2 –innhaldet held fram å stige. Brearmar vaks med inntil 200 m, og klimaforskarar diskuterte seriøst om vi var på veg mot ei
ny istid. Dette står i motstrid til CO2-hypotesen: At aukande CO2-innhald fører til aukande drivhuseffekt og dermed temperaturstiging. Det finst heller ikkje tekniske bevis for hypotesen.
Drivhuseffekten for CO2 går føre seg ved at CO2-molekyl kan absorbere varmestråling frå bakken i tre smale frekvensintervall – då i konkurranse med vassdamp som står for minst 95 prosent av den totale drivhuseffekten. Dei eksisterte CO2-molekyla lyt gje seg den energien som blei absorbert ved å sende ut energipakkar med lågare frekvens enn den absorberte. Denne energien vil, evt. via omvegar finne vegen ut til verdsromet.
Det er temperaturen i havet som bestemmer kor høg konsentrasjonen av CO2 kan vere. Det same gjeld for luft. Om lag 200 milliardar tonn CO2 vert årleg utveksla mellom hav og luft. Dei 10-15 mrd. tonn CO2 frå fossilt brennstoff er sjølsagt ikkje utelatne frå denne prosessen. Når havtemperaturen stig kan ikkje havet halde på all CO2. Ein del blir utskilt som karbonat på havbotnen. Denne prosessen gjer at 30 mrd. tonn årleg utslepp av CO2 frå vulkanar, som har gått føre seg i milliardar av år, ikkje er blitt akkumulert i atmosfæren. Det er då tøvete å påstå at CO2-utslepp frå fossilt brennstoff blir det. Likså tøvete blir det å hevde at menneskeskapt CO2- utslepp, som utgjer ca ein milliondel av atmosfæren, skal på få år vere viktig årsak til den regionale temperaturauken i nordområda.
Sidan 1979 har NASA teke satellittmålingar som viser at drivhuseffekten har vore uendra trass i stigande CO2-innhald i atmosfæren. Dette viser at temperaturauken sidan 1979 ikkje har kome korkje frå drivhuseffekten eller stigande CO2-innhald i atmosfæren. Det høyrer også med at 90 prosent av drivhuseffekten går føre seg under 5m over bakke/havnivå. All naturleg produksjon av CO2 blir produsert i dette nivået, men på langt nær all menneskeskapt.
I TV-programmet Verdens miljøkvardag spelte klimaforskarane ut sitt trumfkort: At det gjennom alle tider har vore samsvar mellom temperaturendring i atmosfæren og endring av CO2-innhald. Men klimatologane hadde diverre ”gløymt” å opplyse om at iskjernemålinga i is, som er titusenvis år gamal, viser at temperaturauken kom før auken av CO2, som ein også måtte vente.
Klimatologane peiker på at minkande is og snø fører til mindre refleksjon og meir absorpsjon av solstrålar, og dermed fare for irreversibel temperaturauke. Eg vil berre minne om at vi har hatt tilsvarande situasjon fleire gonger tidlegare. Vi har truleg hatt minst 20 globale istider berre i kvartærtid, og det er ingen grunn til å tvile på at vi får kaldare vær. Kanskje allereie om hundre år. I historisk tid har fem kalde periodar kome nokså regelmessig med eit intervall på ca 850 år.
Den siste kalde perioden (den vesle istida) starta om lag år 1250. Legg ein til til 850 kjem ein til år 2100. Etter den tid kan våre etterkomarar merke kulden kome smygande. Dei vil forbanne sine forfedre for vanvittig sløsing med fossile brennstoff, m.a. til såkalla CO2-handtering. Om den sterkt kritikkverdige produksjonen av biodrivstoff: Les innlegget til Atle Rusten i Sunnmørsposten av 21/9.
Til slutt: Diverse media og leiande politikarar har hevda at CO2-gassen er sterkt forureinande, giftig og fare for klimaet. Ingenting av dette er riktig. Derimot er CO2 ein nødvendig føresetnad for alt planteliv.
Kjelder: M.a. Klimaet-vitskap og politikk v/ Per Bergene og Gøran Tullberg DATAKON.