Ein lærar som reiser verda rundt på luksusferie står i grell kontrast til klimastreikande ungdomar, skriv forfattaren. Foto: Stevenmccombe, Wikimedia
Ein lærar som reiser verda rundt på luksusferie står i grell kontrast til klimastreikande ungdomar, skriv forfattaren. Foto: Stevenmccombe, Wikimedia

Klimareiser og luksusstreik

Vårt riktige svar på elevane sine klimaaksjonar bør derfor vera klimareiser (korte, med tog, til fots og på sykkel) og luksusstreik (fordi andre er verd det).

Publisert

* Sæbjørg Hageberg Kjeka er lektor ved Knarvik vidaregåande skule.

I Utdanning 5/19 les vi om klimastreikande ungdomar, og leiar i Utdanningsforbundet, Steffen Handal, vert sitert slik: «Vaksne må ta (klima)engasjementet innover seg.» Eg er veldig einig, og i mange år har eg vore medviten i forhold til å inkludera temaet klima i faga eg underviser i. Håpet har vore at ungdomane skulle læra å tenkja etisk knytt til vala dei tek, i tråd med generell del av læreplanen 1.5.

Som vedlegg til Utdanning 5/19 fekk eg og alle andre abonnentar eit eksklusivt tilbod om luksusreise til Dubai og Ras al-Khaimah. Bileta viser skyskraparar, palmer og strender, og ein skal for ein rimeleg penge få bu på eitt av verdas best luksushotell. Det er jo fantastisk! Tenk å få leggja rettebunkar, eksamenspress og elevar bak seg og berre nyta… Utdanning sine lesarar er spesielt invitert!

Eg håpar de høyrer alarmen! Her er det faktisk på sin plass å minna om lærarane sin etiske plattform, der det heilt riktig står at haldningane og handlingane våre påverkar dei vi arbeider med og for. Ein lærar som reiser verda rundt på luksusferie står i grell kontrast til klimastreikande ungdomar. Vårt riktige svar på elevane sine klimaaksjonar bør derfor vera klimareiser (korte, med tog, til fots og på sykkel) og luksusstreik (fordi andre er verd det). Det er det som er berekraftig, og det er slik vi tar ansvar for framtida.