Svenske rektorar kan, men vil ikkje gi karakterar til tiåringar

Første april får svenske rektorar rett til å bestemme om skolen deira skal gi karakterar frå og med fjerde klasse. Få er interessert.

Publisert Sist oppdatert

– Vi ser at karakterar stressar ungdomsskoleelevane. Eg trur lærarar og rektorar ikkje har lyst til å utsetje også yngre elevar for det stresset, seier rektor Ulrika Mjørud ved Östbyskolan i Värmdö til SVT.

Löven som statsminister

Frivillige karakterar er viktig politikk for partiet Liberalarane. Difor er det med i avtalen som vart gjort i 2017 mellom dei svenske partia Sosialdemokratane, Senterpartiet, Miljøpartiet og Liberalarane. I avtalen vart dei samde om at sosialdemokraten Stefan Löfven skulle vere statsministerkandidaten for dei fire partia ved valet i 2018. Og det vart han.

Les denne: Svensk lærer frikjent for krenking etter å ha flyttet elev ut av sofa

Dermed vart eit prøveprosjekt sett i gong. Tanken var at 100 skolar skulle vere med. Men berre 15 meldte seg. Likevel skal nå alle rektorar få velje om skolen skal setje karakterar på tiåringane eller ikkje.

Liten interesse

Så langt ser det ut til at rektorane vel å ikkje gi karakterar. Ingen rekor i dei ti største kommunane i Sverige er interessert, ifølgje SVT. Blant friskolekonserna er berre den internasjonale engelske skolen interessert.

Lærarorganisasjonane, Barneombodet og Skolverket, tilsvarande vårt Utdanningsdirektorat, er mot.

Skolepolitisk talsperson for dei liberale, Roger Haddad, hell likevel fast ved at å starte med karakterar når elevane er ti år vil gi betre læringsutbytte.

Powered by Labrador CMS