Skal vi sanksjonere med nedsett karakter i orden og atferd, blir det som sagt etter gjentekne brot, seier Horten vgs-rektoren.

Rektor vil setje ned orden og atferds-karakter etter gjentatte brot på smittevernreglane

Rektor ved Horten vidaregåande skole Gisle Birkeland leiger inn ordensvakter frå PSS Securitas for å sikre at elevane held regelen om ein meters avstand i fellesområda på skolen.

Publisert Sist oppdatert

– Stemmer det at du vil sanksjonere brot på regelen om ein meters avstand med å setje ned karakteren i åtferd?

– Akkurat det har eg ikkje sagt. Men å setje ned karakteren etter gjentekne brot på ordensreglementet er noe vi må vurdere. Ordensreglementet for vidaregåande skolar i Vestfold og Telemark gir oss heimel til det, seier Giske Birkeland.

I forskrift til opplæringslova om vurdering heiter det at åtferd heng saman med om eleven viser omsyn og respekt for andre. Det heiter og at det til vanleg ikkje skal leggjast vekt på enkelthendingar når karakteren i åtferd skal setjast.

– Går dette med eller mot smittevernreglane slik de vil praktisere dei?

– Naturlegvis skal ikkje enkelthendingar spele inn. Skal vi sanksjonere med nedsett karakter i orden og atferd, blir det som sagt etter gjentekne brot, seier Birkeland.

Streik

Vektarar organiserte i Arbeidsmandsforbundet er nå ute i lovleg streik. Arbeidsmandsforbundet kritiserer Vestfold og Telemark fylkeskommune for at det ved Horten vidaregåande skole er leigd inn vektarar frå selskapet PCC Securitas, som ikkje har tariffavtale med sine vektarar.

– Kva seier de til den kritikken?

– Vestfold og Telemark fylkeskommune er i ferd ned å undersøkje dette.

– Har du diskutert bruken av ordensvaktar og sanksjonar med elevrådet?

– Elevråd og elevrådstyre for dette skoleåret vart vald onsdag. Men vi skal naturlegvis diskutere dette. Elles er mitt inntrykk at fleire elevane er nøgde med tiltaka.

Les også: https://www.utdanningsnytt.no/korona-videregaende-viken/over-halvparten-av-vgs-elevene-i-viken-er-fornoyde-med-hjemmeskolen/249787

Birkeland understrekar at ordninga med ordensvakatar i første omgang er ei prøveordning for tre veker. Han understrekar også at korona-pandemien er svært utfordrande for skolen.

Intimt

– Vi har 1100 elevar og 200 tilsette, og vi har ein nybygd skole. Skolen er ikkje bygd for pandemiar, men for transparens og nærleik.

– Er det trangt?

– Det er intimt. Nå har vi gjort det slik at berre eitt trinn om gongen får bruke fellesområda ei veke kvar. Dei andre får tildelt rom dei må vere på pausane når det ikkje er deira veke til å vere i fellesområda. Dette er krevjande, vi gjer alt vi kan for å få skolen til å fungere på gult nivå, som er trafikklyset vi har fått frå Utdanningsdirektoratet, seier Gisle Birkeland.

Smittevern

– Vi har ikkje oppfordra kommunane eller skolane til å lage nye ordensreglar på grunn av smittevern, seier avdelingsdirektør Cathrine Børnes i Utdanningsdirektoratet.

Skolen sjølv bestemmer om elevar som ikkje hell ein meters avstand kan få merknad. Om eleven bryt ordensreglementet fleire gonger kan det føre til nedsett karakter. Men før det skjer må eleven ha fått høve til å forklare seg muntleg og leggje fram si oppfatting av saka, ifølgje Børnes.

Powered by Labrador CMS