Tom Rune Kongelf.

– Vil ikkje få fleire unge til å satse på læraryrket

Leiar for lærarutdanninga i Sogndal skulle gjerne sett at regjeringa tok langt meir modige grep for lærarutdanninga. 

Publisert Sist oppdatert

Samstundes meiner Tom Rune Kongelf at det er tiltak i Stortingsmeldinga «Profesjonsnære utdanningar over heile landet» som kan styrke kvaliteten på lærarutdanninga. 

I meldinga står det blant anna at regjeringa vil fjerne forskingskrava til dei som skal tilsettes ved lærarutdanningane. Målet er ei meir praksisnær utdanning. 

– Men det er ikkje mange av dei unge som skal søkje utdanning som ser dei tiltaka. Difor vil dei ikkje styrke rekrutteringa, seier Kongelf, 

Valfri masteroppgåve

Han minner om at talet på søkjarar som har lærarutdanning som førstevalet er gått ned med 35 prosent sidan 2020. Han hadde håpa at meldinga skulle innehalde tiltak som kan snu dette. Men dei finn han ikkje, seier han.

– Å ta bort karakterkrava for å kome inn på lærarutdanninga og gjere masterdelen valfri kunne derimot ha auka interessa for utdanninga, seier Kongelf.

– Lærarar som skal gå på grunnskulelærarutdanninga 5-10 treng ikkje å ha matematikk som undervisningsfag i det heile tatt. Likevel er det karakterkrav i matematikk frå vidaregåande for å kome inn på studiet, seier han oppgitt.

Vil fjerne karakterkrava

Kongelf har merkt seg at regjeringa vil kutte kravet om eit visst karakternivå frå vidaregåande for å kome inn på sjukepleiarutdanninga. Argumentet er at det er viktigare kva studentane kan når dei går ut av utdanninga enn når dei kjem inn.

– Kvifor meiner regjeringa det ikkje gjeld også for lærarutdanninga? Vi kan også lære studentane det dei treng mens dei er hos oss, seier han.

– Statsråd Hoel har understreka at institusjonar som har låge søkjartal skal kunne søkje om dispensasjon frå karakterkravet. Er ikkje det nok?

– Eg meiner at karakterkravet bør tas vekk for alle. Eg har ikkje lyst til å reklamere for vår utdanning i Sogndal med at vi tar imot dei som ikkje er gode nok til å få plass andre stader. Nokre studiestader vil likevel vere meir populære enn andre og difor kunne prioritere søkjarar med høge karakterar, det er greitt nok. Men eg vil ikkje sende ut signal om at vi er andre sortering, seier Kongelf. 

– For å kompensere for eit eventuelt lokalt bortfall av karakterkravet ynskjer eg for Sogndal sin del ein tydeleg aktiv læringsprofil på lærarutdanningane som nyttar seg av det som særmerker campusen – nærleiken til naturen – med fjord, fjell og ein unik kompetanse innan fysisk aktiv læring (SEFAL). Då kan vi få høge søkjartal!

Tidlegare i år publiserte Nokut eit sett spørjeundersøkingar med lærarstudentar og lærarutdannarar. Der kjem det fram at om lag 1 av 4 studentar ikkje kan se verdien av å skrive masteroppgåve. Ein tredjedel av lærarutdannarane er også skeptiske. 

Kongelf er blant dei. 

Vil ikkje fange opp endringa

– Vi ser jo tydeleg at problema med å rekruttere skaut fart etter at masterkravet kom, seier han og hell fram:

– Vi ser og at studentar, av ulike grunnar, dett av studiet under arbeidet med masteroppgåva. Men dei får jobb som adjunktar i skulen, likevel.

Han er likevel positiv til nokre av tiltaka til regjeringa. 

– Eg har sans for at det kan bli lettare å få inn fleire lektorar med skulepraksis i utdanninga, utan krav om at dei i tillegg til praksisen skal ha ein teoretisk produksjon, slik kravet til ein førstelektorstilling er i dag. Slik kan vi få utdanninga meir praksisnær. Så trer førsteamanuensisane, dei med doktorgrad i lærarstaben, meir fram når studenten kjem til masteroppgåva. Dei underviser og rettleier knytt til den. Eg ser nokre utfordringar med ei slik deling, men likevel fleire fordelar.

Men han meiner det er eitt stort problem med regjeringas forslag. 

– Det er at eleven i vidaregåande, som lurer på kva for utdanning som lokkar mest, ikkje har ein sjanse til å fange opp eller forstå ei slik endring. Så sjølv om vi kan få ei betre utdanning på denne måten får vi ikkje ei betre nasjonal rekruttering, avsluttar Tom Rune Kongelf.

Powered by Labrador CMS