– Jagland mobbes i sosiale medier

– Thorbjørn Jagland blir utsett for språkmoralisme som grensar til mobbing, meiner Vebjørn Sture, leiar i Norsk Målungdom, som er mektig lei av hakkinga på Jaglands engelskuttale.

– Dette har blitt eit årleg rituale i sosiale medium. Det kan nesten verke som om nokre trur at fredsprisen berre er eit påskot for å få Jagland til å snakke engelsk, slik at dei kan gjere narr av han, seier Sture.

Han manar til sakleg diskusjon om fredsprisen.

– Nobels fredspris har fleire gonger skapt kontrovers, og årets tildeling gjev mildt sagt grunnlag for diskusjon. Det er synd om den diskusjonen blir forringa av usakleg, negativ merksemd rundt noko så irrelevant som komiteleiaren sin engelskuttale, meiner Sture.

– Over heile verda snakkar folk engelsk med sine lokale aksentar, og det er det sjeldan nokon som heng seg opp i. Utanom i Noreg, då – her skal vi visst snakke Queen's English alle mann, seier målungdomsleiaren syrleg.

– Når det gjeld aksept for ulike dialektar, er Noreg eit svært moderne land. Det er eit paradoks at vi samstundes slit med så gamaldagse og forstokka haldningar til norsk aksent på framandspråk, held Sture fram.

Sture meiner hakkinga på Jagland kan utgjere eit demokratisk problem:

– Det kan ikkje vere slik at du må høyrast ut som den engelske dronninga for å kome deg opp og fram i samfunnet. Kva slags samfunnstoppar rekrutterer vi dersom den viktigaste kvalifikasjonen er å snakke engelsk utan snev av norsk aksent, seier Sture.