Jasmin Eminovic på jakt i fjellet, noko av det beste han veit å gjere. Foto: Privat

Jasmin er einaste innvandrar på landsmøtet i Utdanningsforbundet

– Det burde vere fleire delegatar med innvandrarbakgrunn. At det berre er meg, er ikkje bra for den dugnaden som demokratiet er, seier Jasmin Eminovic.

Publisert Sist oppdatert

Adjunkten med tillegg frå Årdal Vidaregåande skule i Sogn og Fjordane kallar seg ein kvit norsk mann som har vore ein redd bosnisk tenåring i borgarkrigen i Bosnia.

Han er den einaste med innvandrarbakgrunn av dei 193 delegatane med røysterett som samlar seg til landsmøte i Utdanningsforbundet måndag.

– Kvifor trur du det ikkje er fleire med innvandrarbakgrunn blant delegatar på landsmøte?

– Eg trur det er samansett, seier Eminovic.

Hard debatt

– Innvandrardebatten, og heile den politiske debatten har hardna til. Det ekstreme er blitt det normale. Dei som gjekk på meg for tjue år sidan med ord og slag, dei gjorde det når dei var fulle klokka to om natta. Nå kjem dei med dei same orda i dagslys og heilt edru, seier Jasmin Eminovic, og held fram:

– Samstundes kjem mange innvandrar frå land der det er knytt meir fare til å delta i organisasjonar og politikk enn vi er vant til.

Eminovic trur også det handlar om dette med når ein er norsk nok.

– Same kor mykje ein opnar opp, lærer og tilpassar seg det norske samfunnet kan opplevinga gnage av at det aldri blir riktig bra nok. Det er lett å bli trassig av slikt og da er ein ikkje motivert å gå inn i organisasjonslivet. Eg sleit med den kjensla sjølv lenge, seier han.

– Set vi desse kjenslene saman, er det kanskje ikkje rart at mange er nøgde med å ha jobb og tryggleik og ikkje engasjerer seg i samfunnsutvikling og politikk. Dei kan kjenne at det kostar mykje ansvar og ubehag.

Fagrørsla kan betre

Ifølgje Statistisk sentralbyrå har 6,1 prosent av lærarane i grunnskolen innvandrarbakgrunn. I vidaregåande er talet 6.8, og i barnehagane 8,9. 17 prosent av alle barn i grunnskolen har innvandrarbakgrunn.

I juni vedtok Utdanningsforbundet ein strategi for å arbeide systematisk med mangfald og integrering. Der heiter det at forbundet ønskjer fleire lærarar med flyktningbakgrunn. I eit intervju med utdanningsnytt.no i haust understreka sentralstyremedlem Ann Mari Milo Lorentzen at Utdanningsforbundet også ønskjer desse lærarane velkommen som medlemmer.

– Så er det viktig at vi, på alle nivå, legg til rette for at dei kjenner seg velkommen. Forsking viser at det er nøkkelen til at dei også etter kvart vil påta seg verv. Eg er heilt sikker på at dei kan by på nokre nye perspektiv i Utdanningsforbundet, sa Lorentzen.

Likevel var det ingen med innvandrarbakgrunn på lista over kandidatar valkomiteen har innstilt til sentralstyret.

– På dette feltet meiner vi Utdanningsforbundet har ei utfordring. Dette er noko eg meiner forbundet bør arbeide med fram mot neste landsmøte. Eg vil også oppfordre fylkeslaga til å bli betre på å rekruttere tillitsvalde lokalt, sa leiar for valkomiteen, Bjørn Wiik, i eit intervju med Utdanning tidligare i oktober.

Har eit ansvar sjøl

Jasmin Eminovic trur heile fagrørsla kan bli betre til å rekruttere frå fleire miljø.

– Samstundes har menneske med innvandrarbakgrunn eit ansvar for å delta og vere med på å byggje fellesskapen. Vi med innvandrarbakgrunn har kompetanse og erfaringar som det er viktig, same kva for yrke vi har, seier han, og utdjupar:

– Når det gjeld landsmøte og UDF er det vel praksis slik at ein må vere tillitsvald på fylkesnivå for å vere valbar til landsmøte. Det hierakriket kan gjere at tillitsvalde på lågare nivå innvandrarbakgrunn ikkje når opp til landsmøtet, sier Jasmin Eminovic, som sjølv er hovudtillitsvald i fylkeskommunen. Han er dessutan nyvald medlem av Årdal kommunestyre nå i haust og styremedlem i det lokale arbeidarpartiet.

Etnisk reinsing

På spørsmål om kvifor han sjølv vart lærar tar han oss med tilbake til ein ung gut under borgarkrigen i Bosnia på 1990-talet, der det som vart kalla «etnisk reinsing» var eit av våpena.

– Eg kom ofte i konfrontasjonar der det vart diskutert om eg var eit barn eller om eg var ein våpenfør mann. Kva dei bestemte seg for å kalle meg kunne bli særdeles avgjerande, og det heile var svært vanskeleg, fortel han.

Faren bestemte seg for å leggje ned sitt våpen, og familien på fire: mor, far og to søner, 16 år gamle Jasmin og den fire år yngre broren, kom på eit fly til Noreg, det einaste landet dei kunne kome til utan visum.

– Våren 1994 begynte eg litt etter litt å forstå at eg hadde overlevd krigen. Etter kvart forstod eg at eg og hadde vunne i Lotto, fordi eg var kome til Noreg. Likevel var det tungt. Den første tida levde eg som ein plante, utan vener og utan å kunne snakke med nokon.

– Læraren tog meg under vingen

Den hausten starta han på vidaregåeande skule i Årdal.

– Der fekk eg ein lærar som var om meg og for meg, på skolen og på fjellet og alle stader. Han tok meg under vingen og hegna om meg, heilt utan tanke på kva som var arbeidstid og arbeidsstad, fortel Jasmin, og hell fram:

– Eg gjekk ut av vidaregåande med gode karakterar, og inspirert av denne læraren og bestefar i Bosnia, som og var lærar, vart det klart at det var lærar eg ville bli. Eg har aldri angra, seier han.

Det vart studiar ved Universitetet i Oslo og Idrettshøgskolen, og arbeid ved vidaregåande skole i Bærum.

Heim til Årdal

– Så fekk eg mitt første barn, og da ville eg heim. Heim til Årdal, seier han.

Det vart 16 år ved Årdal vidaregåande skole, der han har undervist i historie, geografi, religion og etikk, samfunnsfag og gym, før han vart tillitsvald på fulltid.

– Det er sagt at det ikkje finst ein større Årdalspatriot enn deg?

– Slik blir det vel når ein har opplevd kor slemt livet kan vere. Men livet skal levast, likevel. Da er det fantastisk med ein stad som er trygg og kjent, og med fjell og fridom og rik natur. Jakt er det største, og i eit jaktlag kan ein individualist få vere med i ein fellesskap.

Lutar fisk

– Ryktet seier at du til og med lutar din eigen lutefisk?

– Vi må jo ta vare på dei norske mattradisjonane! Ingen andre gjer det for oss, og utan dei sit vi der berre med pizza og taco. Så eg jaktar, fiskar, sankar og plukkar og, ja, lutar!

– Til slutt, kva ventar du deg av landsmøtet i UDF?

– Eg er førstereis, og veit ikkje heilt kva eg går til. Men vi har hatt møte i delegasjonen og gått gjennom prosedyrane og fordelt oppgåver. Eg reiser ikkje med ein klar bodskap ut over dei sakene som alt ligg til debatt. Men kven veit, kanskje ser eg bodskapen og tar ordet, seier Jasmin Eminovic.

Powered by Labrador CMS