Nynorskglede for Høgskulen på Vestlandet

Det er ei sann glede at den nye Høgskulen på Vestlandet får nynorsk som hovudmålform.

Høgskolen i Bergen, Høgskolen Stord/Haugesund og Høgskulen i Sogn og Fjordane har gjort vedtak om å slå seg saman til Høgskulen på Vestlandet. Høgskulen vil få 16.000 studentar og dermed bli ein av dei største utdanningsinstitusjonane i Noreg.

Styret i Noregs Mållag ynskjer til lukke med vedtaket om at nynorsk skal vere hovudmålforma. Også kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen har uttrykt glede over at den nye høgskulen vil ta eit særskilt ansvar for nynorsken. 

For oss er det ekstra kjekt å sjå at den nye høgskulen, der rektor har sete i Bergen, får nynorsk som hovudspråk.

For nynorsken som vitskapleg språk er det viktig at ein såpass stor institusjon har nynorsk som hovudspråk. Høgskulen på Vestlandet vil tilby profesjonsutdanningar på bachelor-, master- og doktorgradsnivå. Dette vil gje viktige yrkesgrupper som barnehagelærarar, lærarar, sjukepleiarar og ingeniørar solide nynorskkunnskapar til yrkeslivet.

Powered by Labrador CMS