Historisk roman frå Trondheim

Hendingane i boka er lagt til Trondheim midt på 1700-talet, og den er om ei ung taterjente som kjem bort frå familien sin, og blir sett i tukthus i Trondheim.

  • Aina Basso, født på Giske i Møre og Romsdal, har skrive boka "Fange 59.Taterpige".

– Eg har i boka villt vise fram noko av den urettvisa som romanifolket har opplevd. Eg har studert historie ved Universitetet i Trondheim, og den tidsepoken eg konsentrerte meg om, var 1700-talet. Protokollane til tukthuset i Trondheim frå den tida har eg lese. Eg har óg studert historia til romanifolket og Trondheim si byhistorie. Gode konsulentar har eg nytta meg av for at det ikkje skulle bli feil og manglar i boka. Eg har også arbeidd ei tid som arkivar i Oslo byarkiv, men no skriv eg på heiltid, fortel ho til Utdanning.
– Har du lese Kristian Kristiansen si bok om den same tidsepoken?
– Du tenker sikkert på romanen "Jesper nattmann". Jau, den har eg lese, seier ho.

Talet på på nynorskutgivingar held seg konstant

Forlagsdirektør Tove Lie kunne forteljer at talet på nynorske bøker dei siste hundre åra har lege nokså konstant på om lag seks prosent av alle bokutgivingane i Noreg. Samlaget hadde siste året ein auke i salet samanlikna med året før.
Ho kommenterte også den normeringa av nynorsken som er i gang:
– Vi er for normering av nynorsk, men forfattarane våre skal få nytte sitt eige språk. Det er óg ei viktig oppgåve å få bytta ut fordommane mot nynorsk i avisredaksjonane, sa direktøren.

Myteomspunnen psykolog

Ola Raknes (1887-1975) var talsmann i Noreg for teoriane til jødisk-østerrikske Wilhelm Reich, som i 1933 flykta frå nazistane til Noreg. Reich meinte å ha oppdaga ein spesiell energi, orgon, og han utvikla instrument som kunne nytte denne energien til læking av sjukdommar. Førstebibliotekar Jan Olav Gatland har no skrive bok om Raknes, tittelen er "Ord og orgasme. Ein biografi om Ola Raknes".
Raknes hadde mange talent, mellom anna var han ein ihuga målmann. Men det han er mest kjent for, er samarbeidet med Reich. Mellom anna hadde Raknes ei "orgonskap". Der kunne pasientane hans få tilført livsenergi.

Om parlamentarismen

Politisk rådgjevar Morten Søberg har i essaysamlinga "Sverdrups ekko. Parlamentariske undersøkingar" undersøkt korleis denne styreformen har utvikla seg, frå Johan Sverdrup fram til Stoltenberg. Han er òg innom det første parlamentet i Europa , som låg på Isle of Man, Senatet i USA og heilt fram til Sametinget.

Nynorskhistorie

Boka "Språk og nasjon 1739-1868" er alt kommen ut. Det er første bandet om norsk målreising. No kjem det andre bandet: "Mål og modernisering 1868-1940". Det er skrive av førsteamanuensis Oddmund Løkensgaard Hoel som arbeider ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.
Ottar Grepstad, som er direktør ved Ivar Aasen-tunet i Ørsta, har nyleg sluppe boka "Avisene som utvida Noreg. Nynorskpressa 1850- 2009". Her fortel Grepstad om heile 170 nynorske aviser som har komme ut i desse åra. Dette er eit viktig supplement til norsk mediehistorie.

Ellers kan vi nemne at Samlaget gir ut ei lang rekkje bøker for barn og ungdom.