Her er Agnete Kristin Johsen i semifinalen i Melodi Grand Prix i år. Foto: LORENTZ-ALLARD ROBIN / Aftonbladet / IBL Bildbyrå

Ole Vig-prisen til Agnete Kristin Johnsen

Agnete Kristin Johnsen får Ole Vig-prisen 2016 for den lokale og nasjonale innsatsen som musikar og inspirator, og for å ha gjeve psykisk sjukdom ei røyst i samfunnsdebatten.

Agnete Kristin Johnsen er ein norsk musikar født i 1994 og busett i Nesseby kommune i Finnmark. Ho starta sin musikarkarriere som frontfigur i gruppa The Black Sheeps som vann Melodi Grand Prix junior i 2008 og vart nummer 2 i Melodi Grand Prix i 2011. Ho vann i 2016 den norske finalen i Melodi Grand prix og representerte Noreg i den internasjonale finalen i Eurovision Song Contest.

  • Ole Vig-prisen skal gå til ein ungdom mellom 20 og 35 år som har gjort ein framifrå kulturell innsats i Ole Vigs ånd.
  • Det gjeld ungdomar frå heile landet utan omsyn til politisk oppfatning.
  • Ein Ole Vig-prisvinnar må ha gjort ein meir enn vanleg god innsats innanfor folkeopplysningsarbeid, kunst eller kulturarbeid.

Agnete Kristin Johnsen er ein av dei fremste unge artistane i landet vårt. I lokalmiljøet i Nesseby og Tana er ho ein inspirator for born og unge, og ungdomane meiner ho representerer sin samiske bakgrunn på ein god måte. Ho er særs medviten om sin samiske bakgrunn, og er ein sterk og tydeleg talsperson for samisk kultur. Samstundes er ho tydeleg på at musikken ho spelar ikkje er typisk samisk musikk.

I tillegg til innsatsen innan kulturfeltet får Agnete Kristin Johnsen Ole Vig-prisen for å ha gjeve psykisk sjukdom ei røyst i samfunnsdebatten.

 

Powered by Labrador CMS