Massasje mot mobbing

Elevar i barneskulen i Høyanger nyttar massasje mot mobbing.

- Borna vert meir harmoniske, får auka konsentrasjon og gjer ein betre innsats i skulearbeidet. Det seier klassestyrar Ingrid Stensland til Ytre Sogn Avis.

Elevar på 4. trinn ved Høyanger skule masserer kvarandre to gonger i veka til faste tider. Klassestyrar Stensland er ikkje i tvil om at massasjen har positiv effekt.

Ho set på klassisk musikk, dempar lyset og let borna massere kvarandre.

- Ein merkar det godt på elevane. Stemninga mellom dei vert roleg og trygg og klasserommet er ekstra hyggeleg å vere i, seier Stensland til avisa.

Då ho tok over som klassestyrar for elevane på 4. trinn hadde dei allereie massert kvarandre i eitt år. Stensland meiner ein bør starte med massasje allereie i første klasse, og gjerne i barnehagen.

- Som eit virkemiddel mot uro og mobbing er massasje særs nytting, meiner ho.

Steinsland trur konfliktar vert mindre alvorlege og at uheldige situasjonar går fortare over.

Elevane tykkjer og det er veldig bra å starte kvar måndag og torsdag med massasje:

- Det er ein fin måte å starte dagen på, seier Hedda, Lisa, Alexander og Daniel.

Dei meiner sjølve at dei går i ein klasse der elevane er snille med kvarandre. Elevane kan massasjeteknikkane og leier ofte massasjestunda sjølve.