Sogn og Fjordane vil bli i KS

Delegat Sissel Sande frå Førde ville at fylkeslaget skulle gjere vedtak om å arbeide for at forhandlingsansvaret vert flytta frå KS til staten. Men berre sju delegatar stemte for forslaget hennar.

– Eg kan gjerne vere kjerringa mot straumen, sa delegat Sissel Sande. For ho møtte sterk motbør når ho ville at fylkeslaget skulle gjere følgjande vedtak: «Fylkeslaget skal arbeide for at forhandlingsansvaret vert flytta frå KS til staten.»

Det var under saka «Løn som fortent?» at Sissel Sande fremma sitt forlag.

– Vi var ikkje einige på årsmøtet i Førde heller, sa Sande. Men ho valde likevel å fremje sitt forslag på årsmøtet.

 

– Må få løn for vidareutdanning

Mange av delegatane var også kritiske til lokale forhandlingar. Men ein majoritet har innsett at ein del medlemsgrupper er avhengige av lokale lønsmidlar, slik lønssystemet er forma ut i dag. Dei kan ikkje sjå at det er politisk fleirtal for å endre på dette per i dag.

Fleire delegatar tok dessutan til orde for at kompetanselønssystemet må inspirera til etter- og vidareutdanning ved at det gjer lønskompensasjon til dei som tek slik kompetansegivande utdanning. Slik er det ikkje i dag, mellom anna for barnehagelærarane.

 

Nytt lønesystem i staten

Høgskuletilsette som i dag forhandlar i statleg sektor, har eit anna lønssystem enn dei som er i KS.

– Vi gjorde det godt i dei lokale forhandlingane sist. Vi fekk om lag eit lønstrinn til kvar tilsett, sa delegat Jan Morten Loftesnes frå Sogndal. Han underviser på Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Loftesnes la likevel til at det er store lønsskilnader frå høgskule til høgskule, og forskjell på kva ein får ut i dei lokale forhandlingane.

– Det blei innført eit nytt lønssystem i 2014 og det er enno for tidleg å sjå kva utslag dette vil få på sikt, sa Loftesnes.

 

Powered by Labrador CMS