Elevar i tiande klasse har gitt uttrykk for at avsluttande matteeksamen var lett. Arkivfoto: Erik M. Sundt

Matteeksamen med gjenkjennbare oppgåver

Vi kan håpe på eit høgare karaktersnitt i matematematikkeksamen i tiande klasse i år enn dei siste åra. Elevar i tiande klasse har gitt uttrykk for at avsluttande matteeksamen var lett.

Publisert

 

Til Utdanning har det kome inn meldingar om at elevane som var oppe i avsluttande eksamen i matematikk i grunnskolen syntest oppgåvene var lette. Renate Jensen er matematikklærar ved Nattland skole i Bergen og medforfattar av matematikklæreverk. Ho stadfestar at elevar ved hennar skole seier det same. Sjølv meiner ho eksamensoppgåvene absolutt gir utfordringar.

- Likevel var nok eksamen vore ei god oppleving av meistring for mange elevar. Vi kan ha håp om eit høgare karaktersnitt enn dei siste åra, seier ho til Utdanning.

Ifølgje Jensen har matematikkeksamen dei siste åra hatt overraskingar for elevane.

- Det har nesten vore som om dei som har laga oppgåvene har brukt eksamen som ei måte å varsle om og prøve ut nye ting, seier ho. Difor har det vore vanskeleg for elevar å kjenne att det dei kan og har øvd på i oppgåvene, seier ho, og held fram:

- I år var det ikkje slik. I år var oppgåvene attkjennande. Elevane fekk arbeide med problemformuleringar som dei var førebudde på, seier ho.

Renate Jensen er ikkje einig med dei elevane som kallar eksamen lett, for problemstillingane var utfordrane nok.

- Men elevar som har øvd seg til eksamen med å løyse oppgåvene frå dei to siste åra, dei har møtt slike uvande spørsmålsstillingar. Så når dei ikkje møtte noe slikt i år, er det forståeleg at dei seier oppgåvene var lette, seier ho.

Det var heller ingen oppgåver der svaret frå den eine oppgåva skulle nyttast i den neste. Difor slepp ein å gjere feil i to oppgåver om ein har gjort feil i ein.

Matematikklærarane ved Nattland skole var einige om at det var greie oppgåver i år, konkluderer Renate Jensen.

Powered by Labrador CMS