Avlys eksamen våren 2021

Debatt: Å avlyse eksamen no skaper føreseielege rammer for vurderingspraksisen og læringsarbeidet for resten av skuleåret.

Publisert

6. november gjekk Elevorganisasjonen i Viken ut kravde at eksamen våren 2021 vart avlyst. Kravet har utspring i erfaringar elevar har med at digital undervising har variabel kvalitet og at oppfølginga frå lærarar vert dårlegare enn før.

Våren 2020 vart eksamen avlyst etter langvarige sonderingar. Elevar og lærarar måtte leve med både usikker undervisings- og eksamenssituasjon over tid.

Våren 2020 kunne lærarane vurdere elevens heilskaplege kompetanse med grunnlag i kva eleven hadde lært i ordinær skule fram til 13. mars. Deretter tilpassa lærarane vurderingssituasjonane så godt det lot seg gjere fram mot semesterslutt. Heilskapen vart lagt til grunn for endeleg vurdering og ¾ del av året fekk elevane ordinær undervising.

LES OGSÅ: Matematikklærere reagerer sterkt på ny eksamensordning

Skuleåret 20/21 vil i heilskap by på skiftande læringsvilkår. Elevar og lærarar må til ei kvar tid vere innstilte på endringar, stengde skular somme stader og andre stader ikkje, karantene for fleire klassar og bruk av digital undervising. Det inneber at læringsmiljøet vert fragmentert og kan utfordre lik opplæring for elevane.

Eg er av den oppfatning at lærarar og elevar i år må få nytte tida fullt og heilt til å gjennomføre kvalitetssikra og gode vurderingssituasjonar gjennom året utan å førebu eksamen. Læraren har både utdanning og kompetanse til å utøve forsvarleg vurderingspraksis.

Eit anna moment er det faktum at ny eksamensforskrift for vg1 ikkje er vedteke. Først etter jul ventar me å få kjennskap til korleis ny eksamen skal vere. Då har elevar og lærarar berre eit halvt skuleår på seg til å førebu seg til eksamen, som skal måle kompetanse for eit heilt år.

Yrkesfagelevar skal opp i praktisk eksamen, og dei fleste stader får ikkje elevane vere ute i praksis i år grunna smittevern. Yrkesfaglærarar ser med bekymring på at elevane i år ikkje får fullverdig opplæring i praktiske fag, og det kjennest utrygt å skulle gå opp i ei eksamensform elevane ikkje får øvd seg på gjennom skuleåret.

Me er i ein situasjon der me må tilpasse og finne pragmatiske løysingar på opplæringa.

Dersom ei varsla tredje bølge med koronasmitte kjem i april 2021, vil det påverke opplæringa i perioden tett opp mot eksamen. I år har ein ikkje same garanti for at heilskapen gjennom størstedelen av året har gått som normalt. Me er gjennom heile året i ein situasjon der me må tilpasse og finne pragmatiske løysingar på opplæringa.

Eg har tillit til at lærarar og elevar finn dei best tilgjengelege måtane å sikre vurderingsgrunnlag på i ei slik tid og dei bør få så stabile rammer som mogleg for å klare det. Å avlyse eksamen no skaper føreseielege rammer for vurderingspraksisen og læringsarbeidet for resten av skuleåret. Privatisteksamen bør gå som planlagt Det gjorde den også våren 2020. Ei ordning kan vere at elevar som ønskjer å ta eksamen, kan melde seg opp og ta eksamen saman med privatistane.

Powered by Labrador CMS